Seoulfredsprisen (koreansk 서울평화상) er ein pris som blei etablert i 1990 og delt ut annakvart år til minne om Sommar-OL 1988. Desse olympiske leikane blei arrangerte i den sørkoreanske hovudstaden Seoul og samla deltakarar frå 160 nasjoner i vennskapleg kappestrid. Prisen er etablert av Sør-Korea for å reflektere folket i Sør-Korea sine ynske, særleg ynsket om fred på jord. I gruppa som nominerer til prisen sit 1100 personer, 300 koreanarar og 800 frå andre nasjonar. Vinnaren får eit diplom, ein plakett og 200 000 US-dollar i prispengar.[1]

Mottakarar

endre
År Bilde Mottakar(ar) Land Referanse
1990   Juan Antonio Samaranch,
leiar for IOC
  Spania [2]
1992   George P. Shultz,
utanriksminister for USA
  USA [3]
1996   Lækjarar Utan Grenser   Sveits [4]
1998   Kofi Annan,
generalsekretæren for SN
  Ghana [5]
2000   Sadako Ogata,
SN sin høgkommissær for flyktningar
  Japan [6]
2002   Oxfam   Storbritannia [7]
2004   Václav Havel,
president i Tsjekkia
  Tsjekkia [8]
2006   Muhammad Yunus,
grunnleggjaren av Grameen Bank
  Bangladesh [9]
2008 Suzanne Scholte,
president for Defense Forum Foundation
  USA [10]
2010 José Antonio Abreu,
grunnleggjaren av El Sistema
  Venezuela [11]
2012   Ban Ki-moon,
generalsekretæren for SN
  Sør-Korea [12]
2014   Angela Merkel,
kanslar i Tyskland
  Tyskland [13]
2016   Denis Mukwege,
kongolesisk lækjar
  Den demokratiske republikken Kongo [14]

Kjelder

endre
  1. Emblem & Prize
  2. Laureate 1990. Seoul Peace Prize Cultural Foundation
  3. Laureate 1992. Seoul Peace Prize Cultural Foundation
  4. Laureate 1996. Seoul Peace Prize Cultural Foundation
  5. Laureate 1998. Seoul Peace Prize Cultural Foundation
  6. Laureate 2000. Seoul Peace Prize Cultural Foundation
  7. Laureate 2002. Seoul Peace Prize Cultural Foundation
  8. Laureate 2004. Seoul Peace Prize Cultural Foundation
  9. Laureate 2006. Seoul Peace Prize Cultural Foundation
  10. Laureate 2008. Seoul Peace Prize Cultural Foundation
  11. Laureate 2010. Seoul Peace Prize Cultural Foundation
  12. Laureate 2012. Seoul Peace Prize Cultural Foundation
  13. Laureate 2014. Seoul Peace Prize Cultural Foundation
  14. Laureate 2016. Seoul Peace Prize Cultural Foundation

Bakgrunnsstoff

endre