Shake a Tail Feather

Shake a Tail Feather
Singel av The Five Du-Tones
frå albumet Hairspray soundtrack
Utgjeve 1963
Innspelt 1963
Sjanger Soul
Lengd 2:24
Selskap One-DERFUL!
Låtskrivar(ar) Otha Hayes, Verlie Rice, Andre Williams

«Shake a Tail Feather» er ein song skriven av Otha Hayes, Verlie Rice og Andre Williams som opphavleg vart spelt inn i 1963 av The Five Du-Tones.[1] Denne versjonen vart nytta i filmen Hairspray i 1988. Ein versjon frå 1967 av James & Bobby Purify nådde 25. plassen på Billboard Hot 100.[2]

Andre versjonar endre

«Shake a Tail Feather» er blitt spelt av mange andre artistar gjennom åra, mellom andre Ray Charles, som framførte songen i filmen The Blues Brothers i 1980.

Songen er òg blitt spelt av The Cheetah Girls, The Kingsmen i 1966 for The Kingsmen Up And Away, The Monkees i 1968 for 33Mal:Frac Revolutions Per Monkee, Hanson i ein medley med «Gimme Some Lovin'» i 1998 på, Live from Albertane, Teengenerate i 1994 på «Audio Recording», Andre Williams i 2012 på Life, The OvertonesSaturday Night at the Movies i 2013, Ike & Tina Turner,[3][4] Mitch Ryder, Gerry & The Pacemakers, Tommy James and the Shondells og The Romantics.

Kjelder endre

  1. allmusic ((( The Five Du-Tones > Overview )))
  2. Whitburn, Joel (1992). The Billboard Book of Top 40 Hits, 5th Edition. Billboard Books. s. 373. 
  3. «Ike and Tina Turner shake your tail feather». YouTube. 6. januar 2008. Henta 5. juni 2014. 
  4. Mike Hale (18. september 2011). «Cigars? Cigarettes? Catty Rivalries?». New York Times. Arkivert frå originalen den 13. februar 2015. Henta 12. februar 2015. «Later the actress Karen LeBlanc does a pretty fair Tina Turner imitation on “Shake a Tail Feather” and “I Want to Be Made Over.”»