She Still Comes Around

She Still Comes Around (To Love What's Left of Me)
Studioalbum av Jerry Lee Lewis
Utgjeve 1969
Innspelt Columbia Studios, Nashville, Tennessee
Sjanger Country, honky-tonk
Lengd 27:48
Selskap Smash
Produsent Jerry Kennedy
Jerry Lee Lewis-kronologi 
Another Place, Another Time
(1968)
She Still Comes Around (To Love What's Left of Me) Sings the Country Music Hall of Fame Hits, Vol. 1
(1969)


She Still Comes Around (To Love What's Left of Me) er eit studioalbum av Jerry Lee Lewis. Det kom ut på Smash Records i 1969.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 stars[1]
Rolling Stone(positive)[2]

Bakgrunn endre

Etter Lewis forlet Sun Records for Smash i 1963 hadde han hatt nokre mindre hittar, og var ikkje nøgd med korleis selskapet tok i mot innspelingane hans. Men dette endra seg med den overraskande suksessen til Another Place, Another Time og She Still Comes Around (To Love What's Left Of Me) som gav ny interesse i rock and roll-legenda.

Innspeling endre

She Still Comes Around følgjer same opplegget som Another Place, Another Time gjorde året før: «pur» country framført utan noko fiksfakseri med dei beste studiomusikarane i Nashville. Lewis tolka songar med stor autensitet. Albumet var produsert av Jerry Kennedy og bestod av ei blanding av honky-tonk og tåre-i-ølet-balladar, som tittelsporet til Glenn Sutton. Denne songen vart gjeven ut på singel og nådde andreplassen på countrylista. Oppfølgjaren til denne singelen var «To Make Love Sweeter For You», som toppa listene i 1969 (den første førsteplassen hans sidan «Great Balls Of Fire» i 1958). Brått var Jerry Lee Lewis ein av dei heitaste countryartistane som var å finne. Albumet inneheldt òg Merle Haggard-songen «Today I Started Loving You Again», i tillegg til fleire countrystandardar, som «Release Me» og klagesongen «There Stands the Glass.» «Out Of My Mind» var skriven av Kenny Lovelace, som spelte gitar med Lewis i mange år. Albumet inneheld òg ei innspeling av Sun-singelen «Let's Talk About Us» frå 1959.

Mottaking endre

She Still Comes Around nådde 12. plassen på Billboard si countryliste. AllMusic kalla det «eit reint countryalbum, laga for seine kveldar og røykfylte barar, og er nesten like bra som Another Place, med songar av like høg kvalitet og framføring.»[3] Sjølv plateomslaget - eit bilete av ein nedslått Lewis i eit slite hotellrom, vart trekt fram for å bringe liv til tittelsporet.

Innhald endre

Side A
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«To Make Love Sweeter for You»2:52
2.«Let's Talk About Us»Otis Blackwell1:58
3.«I Can't Get Over You»Ben Peters3:06
4.«Out of My Mind»Kenny Lovelace2:23
5.«Today I Started Loving You Again»Merle Haggard2:09
Side B
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«She Still Comes Around (To Love What's Left of Me)»Sutton2:31
7.«Louisiana Man»Doug Kershaw1:48
8.«Release Me»3:02
9.«Listen, They're Playing My Song»
  • Glen Garrison
  • Charlie Williams
2:47
10.«There Stands the Glass»
  • Audrey Greisham
  • Russ Hull
  • Mary Jean Shurtz
2:39
11.«Echoes»
2:33
Total lengd:27:48

Kjelder endre

  1. http://www.allmusic.com/album/mw0000838431
  2. Boehm, Andy (3. mai 1969). «Records». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.). 
  3. Erlewine, Stephen Thomas. «She Still Comes Around (To Love What's Left of Me) Review». Allmusic. Henta 24 April 2015.