Shell plc
Royal Dutch/Shell eller Royal Dutch Shell (kalla Shell Oil Company i Sambandsstatane) er eit multinasjonalt oljeselskap. Royal Dutch/Shell-gruppa er eitt av dei fire største oljeselskapa i verda, på line med BP, Exxon Mobil og Total. Selskapet har hovudkontoret sitt i Haag i Nederland.
Shell plc | |||
| |||
| |||
Bransje | Petroleumsverksemd | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1890 | ||
Eigar | BlackRock | ||
Dotterselskap | Shell | ||
Hovudkontor | London | ||
Land | Storbritannia | ||
Produkt | petroleum, naturgass | ||
Grunnleggjar(ar) | Marcus Samuel, Henri Deterding | ||
Adm.dir. | Wael Sawan | ||
Salsinntekter | 37 298 000 000 USA-dollar (2023)[1] | ||
Omsetnad | 37 298 000 000 USA-dollar (2023)[1] | ||
Resultat | 19 638 000 000 USA-dollar (2023)[1] | ||
Nettstad | https://www.shell.com/ (britisk-engelsk) |
Historie
endreSelskapet vart grunnlagt i 1890 av Jean Kessler, saman med Henri Deterding og Hugo Loudon. Dronning Vilhelmina av Nederland gav selskapet "Royal Dutch" løyve til å leita etter petroleumsressursar.
For betre å kunna konkurrera mot det amerikanske oljeselskapet Standard Oil, fusjonerte Royal Dutch i 1907 med The "Shell" Transport and Trading Company. Shell Transport - selskapet hadde hovudkontor i Storbritannia.
Selskapet utvikla seg til eit multinasjonalt selskap, som marknadsfører seg under varemerket Shell.