Plasseringa av Fushun (gul) i Liaoning
Kol-dagbrotet i Fushun, ca 1940

Fushun (kinesisk: 抚顺; pinyin: Fǔshùn) er eit kinesisk byprefektur nordaust i provinsen Liaoning i det nordaustlege Kina, der det i nord grensar mot provinsen Jilin. Byprefekturet har eit areal på 11 271 km² og hadde vel 2,1 millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Fushun omfattar fire distrikt (区 ), eitt fylke (县 xiàn) og to autonome fylke (自治县 zìzhìxiàn).

NæringEndra

Fushun er eit sterkt industrialisert område, med særleg vekt på utvinning og framstilling av kol og skiferolje. Eit enormt dagbrot for kol har vore i drift sidan 1100-talet, skal vere det største i heile verda. Byprefekturet har eit stort aluminium-smelteverk og fabrikkar som lagar bilar, maskiner, kjemikaliar, sement og gummi.

SamferdsleEndra

Kinas riksveg 202 går gjennom området. Han tek til i Heihe i provinsen Heilongjiang, passerer gjennom Harbin og Shenyang, og endar i Dalian ved Gulehavet.

Byen har jarnbanesamband til Shenyang i nord og Dalian i sør.

HistorieEndra

Russland okkuperte byen til 1905, deretter Japan i perioden fram til 1945.

KjelderEndra