Språket sjona
Sjona (sjona ChiShona) er eit bantuspråk i nigerkongo-familien. Over 10 millionar menneske i Zimbabwe snakkar dette språket, og dessutan 30 000 i Zambia og 10 000 i Botswana. Folkegruppa som snakkar sjona, vert kalla shonaer. Sjona er saman med ndebele og engelsk offisielt språk i Zimbabwe.
Sjona ChiShona | ||
Klassifisering | Nigerkongo Atlantisk Voltakongo Benuekongo Bantoid Sørbantoid Bantuspråk Sentralt Sone S.10 | |
Bruk | ||
Tala i | Zimbabwe Zambia Botswana | |
Sjonatalande i alt | 10 759 200[1] | |
Skriftsystem | Det latinske alfabetet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | sn | |
ISO 639-2 | sna | |
ISO 639-3 | sna | |
Wikipedia på sjona |
Klassifisering
endreSjona er del av sone S.10 i Malcolm Guthrie si klassifisering av bantuspråk; dette er eit dialektkontinuum av nærskylde språk, mellom dei manyika, nambya og ndau i Zimbabwe og sentrale Mosambik, tawara og tewe i Mosambik og ikalanga i Botswana.
Moderne sjona er basert på dialektane til karangafolket i provinsen Masvingo rundt Store Zimbabwe og zezerufolket i nordlege og sentrale Zimbabwe.
Skrift
endreSjona har eit skriftspråk med latinske bokstavar. Ortografi og grammatikk vart utarbeidd på 1900-talet og stabilisert på 1950-talet. Den første romanen på sjona, Fesol av Solomon Mutswairo, vart utgjeven i 1957. Det vert undervist i sjona på skular, men det vert ikkje brukt som undervisningsspråk. Det finst litteratur på sjona, og språket er skildra i fleire ordbøker, både eittspråklege og tospråklege (då for det meste sjona–engelsk).
Kjelder
endre- Omsett frå Wikipedia på bokmål, innhenta torsdag 13. mai 2010, klokka 14:16.
Referansar
endre- ↑ Språket sjona hos Ethnologue
Bakgrunnsstoff
endreBibliografi
endre- Biehler, E. (1950) A Shona dictionary with an outline Shona grammar (revised edition). The Jesuit Fathers.
- Brauner, Sigmund (1995) A grammatical sketch of Shona : including historical notes. Köln: Rüdiger Koppe.
- Carter, Hazel (1986) Kuverenga Chishóna: an introductory Shona reader with grammatical sketch (2nd edition). London: SOAS.
- Doke, Clement M. (1931) Report on the unification of the Shona dialects. Stephen Austin Sons.
- Mutasa, David (1996) The problems of standardizing spoken dialects: the Shona experience, Language Matters, 27, 79
- Lafon, Michel (1995), Le shona et les shonas du Zimbabwe, Harmattan éd., Paris