Sigrun Hoel
Sigrun Hoel (fødd 10. oktober 1951) er ein norsk jurist, statstenestekvinne og organisasjonsleiar. Ho var leiar for Norsk Kvinnesaksforening frå 1984 til 1988 og var fungerande likestillingsombod i 1984, 1988 og 1991.
Sigrun Hoel | |||
Fødd | 10. oktober 1951 (72 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | jurist, politikar, advokat | ||
Medlem | Norsk Kvinnesaksforening | ||
Alle verv |
Liv og virke
endreHoel blei utdanna cand.jur. ved Universitetet i Oslo i 1977 og arbeidde deretter i Trygderetten. Ho blei tilsett hos Likestillingsombodet frå etableringa i 1979, og var med å byggje opp institusjonen.[1] Ho var nestleiar hos Likestillingsombodet i store delar av ombodsperiodane til Eva Kolstad og Ingse Stabel. Ho var fungerande likestillingsombod i 1984, deretter i 1988 mellom Kolstad og Stabel sine ombudsperioder, og igjen i 1991.[2][3][4][5]
Hoel kom med i Norsk Kvinnesaksforening (NKF) som 25-årig jusstudent i 1976. Ho var leiar i det største lokallaget i organisasjonen, Oslo Kvinnesaksforening, i fire år, før ho i 1982 etterfølgde Anne Kari Lande Hasle som 1. nestleiar på nasjonalt plan. I 1984 etterfølgde ho seinare høgsterettsdommar Karin Bruzelius som NKF-leiar. NKF markerte hundreårsjubileet sitt på landsmøtet der ho blei vald til leiar. Dei to forgjengarane hennar var den fyrste og andre kvinnelege departementsråden i Noreg.[5][6][7][8]
Hoel blei seinare høgskolelektor i juss ved Høgskolen i Oslo og Akershus.[9] Ho var norsk representant i planleggingskomiteen for Nordisk Forum i 1988.[10] Ho var også medlem av Utvalet for menneskerettar.[11]
Kjelder
endre- ↑ «Likestillingsombudet». Aftenposten. 5. september 1979. s. 37.
- ↑ «Likestilling og omvalg», Aftenposten, 2. november 1984
- ↑ Bergens Arbeiderblad. 1988-07-02.
- ↑ «Dårlige soningsforhold for kvinner i norske fengsler», NTB, 17. juli 1991
- ↑ 5,0 5,1 Eva Braathen Dahr (12. november 1984). «Kvinnesak i nye 100 år?». Aftenposten.
- ↑ «Kvinnepolitiske saker står i kø». Trønder-Avisa. 7. november 1984.
- ↑ «Vi bare spør». Klassekampen. 6. november 1984. s. 3.
- ↑ «100-års dagen ingen målstrek for kvinnesak». Aftenposten. 7. november 1984. s. 17.
- ↑ Elisabeth Lønnå: Stolthet og kvinnekamp: Norsk kvinnesaksforenings historie fra 1913 (s. 273–274), Gyldendal Norsk Forlag, 1996, ISBN 8205244952
- ↑ «Bredt opplegg for kvinnemøte», Aftenposten, 2. januar 1988
- ↑ Forvaltningsdatabasen
- Denne artikkelen bygger på «Sigrun Hoel» frå Wikipedia på bokmål, den 23. mars 2023.