Sigurjón Birgir Sigurðsson

islandsk poet og skribent

Sigurjón Birgir Sigurðsson, også kalla Sjón, (fødd 27. august 1962) i Reykjavik) er ein islandsk forfattar.

Sigurjón Birgir Sigurðsson
SjonFreeLicence.jpg
Fødd 27. august 1962 (58 år)
Reykjavík
Yrke skribent, lyrikar, manusforfattar, skodespelforfattar, komponist, songtekstforfattar, musikar, barnebokforfattar
Sigurjón Birgir Sigurðsson på Commons

Den fyrste diktsamlinga si, Sýnir: yrkingar, gav han sjølv ut som 15-åring i 1978. Han har fått gitt ut mange diktsamlingar og 5 romanar. I tillegg har han mellom anna skrive barnebøker og songtekstar for Björk. Han skreiv til dømes teksten til Oceania som Björk framførte under opningssermonien til Dei olympiske leikane i Aten 2004. I 2001 vart han nominert til Oscar for beste originalsong saman med Björk og Lars von Trier for I've Seen It All frå Dancer in the dark.

Han fekk Nordisk Råds litteraturpris i 2005 for romanen Skugga-Baldur.[1]

BibliografiEndra

  • 1978 Sýnir: yrkingar
  • 1979 Madonna
  • 1979 Birgitta (hleruð samtöl)
  • 1981 Hvernig elskar maður hendur
  • 1982 Reiðhjól blinda mannsins
  • 1983 Sjónhverfingabókin
  • 1985 Oh!: (isn't it wild)
  • 1986 Leikfangakastalar sagði hún það er ekkert til sem heitir leikfangakastalar
  • 1987 Stálnótt (Mál og menning, Reykjavik)
  • 1989 Engill, pípuhattur og jarðarber (Mál og menning, Reykjavik)
  • 1991 Ég man ekki eitthvað um skýin (Mál og menning, Reykjavik) ISBN 9979-3-0252-6
  • 1994 Augu þín sáu mig (Mál og menning, Reykjavik) ISBN 9979-3-1954-2,
på norsk:
2001 Dine øyne så meg : en kjærlighetshistorie (Tiden, Oslo) ISBN 82-10-04528-8
  • 1995 Sagan af húfunni fínu
  • 1998 Myrkar fígúrur
  • 2000 Númi og höfuðin sjö
  • 2001 Með titrandi tár (Mál og menning, Reykjavik) ISBN 9979-3-2242-X
  • 2002 Sagan af furðufugli (Mál og menning, Reykjavik) ISBN 9979-3-2342-6
  • 2003 Skugga-Baldur (Bjartur, Reykjavik) ISBN 9979-774-43-6
på norsk:
2005 Skugga-Baldur (Tiden, Oslo)
  • 2005 Argóarflísin, roman
på norsk:
2007 Flisen fra Argo (Tiden, Oslo)

Prisar og utmerkingarEndra

  • 1995 Avisa DV sin kulturpris
  • 1998 Rithöfundasjóður Ríkisútvarpsins
  • 2002 Avisa DV sin kulturpris
  • 2005 Nordisk råds litteraturpris for romanen Skugga-Baldur

KjelderEndra

  1. «2005 Sjón, Island: Skugga-Baldur». Norden.org / Nordisk råd. Henta 9. november 2016. 

BakgrunnsstoffEndra