Silver & Gold
Silver & Gold Studioalbum av Neil Young | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 25. april 2000 | |
Innspelt | 26. august 1997 - 28. mai 1999 | |
Studio | Redwood Digital i Woodside i (utanom «Red Sun»: Arlyn Studios i Austin) | |
Sjanger | Folkrock, countryrock | |
Lengd | 39:10 | |
Selskap | Reprise | |
Produsent | Neil Young, Ben Keith | |
Neil Young-kronologi | ||
---|---|---|
Year of the Horse (1997) |
Silver & Gold | Road Rock Vol. 1 (2000)
|
Silver & Gold er det 27. albumet til Neil Young og kom ut 25. april 2000. Mange av songane vart skrivne seint i 1990-åra, men songen «Silver & Gold» skal i følgje Young sjølv ha blitt skriven i 1981 og han skal ha prøvd i over ti år og få eit godt opptak av songen. Andre songar går attende til 1976. Mellom anna finst det piratopptak frå Neil Young/Crazy Horse som spelar «Razor Love» dette året.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Robert Christgau | C+[2] |
Musikalsk går Young tilbake til country/folkrock-stilen frå tidlegare album som Harvest og Comes A Time, men teksten reflekterer i større grad familie, det å verte eldre og verte ein meir komplett person. Young ser tilbake på livet sitt og karrieren sin med eit varmt, nostalgisk syn, og går til og med så langt til å seie at han ikkje var imot ei gjenforeining med Buffalo Springfield - «Like to see those guys again/And give it a shot» (ønskjer å treffe dei fyrane igjen/Og gjere eit nytt forsøk) - som han syng i «Buffalo Springfield Again». Tonen på albumet er roleg og fredfull.
Albumet vart nominert til den kanadiske Junoprisen for årets rootsalbum i 2001.[3] Biletet på omslaget vart teken av dottera Amber med eit Game Boy-kamera.[4]
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Neil Young.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Good to See You» | 2:49 |
2. | «Silver & Gold» | 3:16 |
3. | «Daddy Went Walkin'» | 4:01 |
4. | «Buffalo Springfield Again» | 3:23 |
5. | «The Great Divide» | 4:34 |
6. | «Horseshoe Man» | 4:00 |
7. | «Red Sun» | 2:48 |
8. | «Distant Camera» | 4:07 |
9. | «Razor Love» | 6:31 |
10. | «Without Rings» | 3:41 |
Medverkande
endre- Neil Young: gitar, piano, munnspel, vokal
- Ben Keith: pedalsteelgitar, vokal
- Spooner Oldham: piano, orgel
- Donald «Duck» Dunn: bass
- Jim Keltner: trommer
- Oscar Butterworth: trommer
- Linda Ronstadt: vokal
- Emmylou Harris: vokal
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Silver & Gold» frå Wikipedia på engelsk, den 31. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Stephen Thomas Erlewine. «Silver & Gold - Neil Young | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 8. mars 2019.
- ↑ «CG: neil young». Robert Christgau. Henta 8. mars 2019.
- ↑ CARAS/The JUNO Awards (23. mai 2015). «Yearly Summary - The JUNO Awards». Junoawards.ca. Arkivert frå originalen 5. februar 2013. Henta 8. mars 2019.
- ↑ «Neil Young - Silver & Gold». Human-highway.org. 25. april 2000. Henta 8. mars 2019.