Opna hovudmenyen

Simão Sabrosa

portugisisk fotballspelar

Simão Pedro Fonseca Sabrosa, eller berre Simão (fødd 31. oktober 1979 i Vila Real) er ein portugisisk fotballspelar. Han spelar for det portugisiske landslaget og Beşiktaş i den tyrkiske fotballigaen.

Simão Sabrosa
Portugal 2-3 Denmark, Simão2.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Simão Pedro Fonseca Sabrosa
Fødd 31. oktober 1979
Fødestad Vila Real
Høgd 170 cm
Posisjon Ving
Klubbinformasjon
Noverande lag
Beşiktaş
Nummer 31
Ungdomsklubbar
1991-92
1992-97
Portugal Diogo Cão
Portugal Sporting
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1997-99
1999-2001
2001-07
2007-10
2011-
Portugal Sporting
Spania Barcelona
Portugal Benfica
Spania Atlético Madrid
Tyrkia Beşiktaş
53 (12)
46 (3)
172 (76)
113 (20)
0 (0)
Landslag
1998-2000
1998-
Portugal Portugal U21
Portugal Portugal
15 (8)
85 (22)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert

Innhaldsliste

KlubbkarriereEndra

Simão begynte proffkarrieren sin hjå Sporting Clube de Portugal i Lisboa. Han spelte for førstelaget til klubben i to sesongar, før han gjekk til Barcelona for 15 millionar euro, sommaren 1999.[1] Der spelte han saman med landsmannen Luís Figo. Etter to år i Barcelona drog han heim att til Portugal i 2001, då han vart kjøpt av Benfica, visstnok for 12 millionar euro.[2]

Simão vart snart populær blant supporterane til Benfica, og vart også klubbkaptein. I seks sesongar for Benfica var han klubben sin toppskårar kvar sesong, og i 2002/03-sesongen var han delt toppskårar i den portugisiske toppdivisjonen. I 2004/05-sesongen spelte han alle kampane og skåra 15 mål då Benfica vart seriemeister. Sommaren 2005 var Liverpool interessert i å kjøpa han,[3] men forhandlingane braut saman, visstnok fordi Benfica ikkje var nøgd med tilbodet på 12 millionar pund.[4]

Sommaren 2007 forlét han Benfica og gjekk til Atlético Madrid for rundt 19 millionar euro, ifølgje portugisisk presse. Han vart straks fast på laget til Atlético, og skåra sju mål i kvar av dei to første sesongane sine. 12. april 2009 skåra han Atlético Madrid sitt firetusende ligamål.[5] Sommaren 2009 vart han ein av Atlético sine klubbkapteinar. Ved nyttår 2010/11 gjekk han til Beşiktaş for 900 000 euro.

LandslagskarriereEndra

I 1996 var Simão med på å vinna U17-EM. Han vart seinare fast på U21-landslaget. Han debuterte for A-landslaget som 19-åring, 18. november 1998, mot Israel. Han kom ikkje med til fotball-VM i 2002 grunna skade,[1] men han var med då Portugal kom på andreplass under fotball-EM i 2004. Han spelte tre av Portugal sine seks kampar. Under fotball-VM i 2006 spelte han alle Portugal sine kampar då Portugal kom på fjerdeplass, og skåra eitt mål mot Mexico.[6] I fotball-EM i 2008 spelte han tre av Portugal sine kampar, utan å skåra.[7] Under kvalifiseringa til fotball-VM i 2010 var han Portugal sin toppskårar med 4 mål,[1] blant anna to mål i heimesigeren over Ungarn[8]

AnnaEndra

Sabrosa er gift og har to born.

FotnotarEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Player profile; ESPN Soccernet, henta 6. januar 2010
  2. «Miccoli to lead Benfica line». UEFA.com. 31. august 2005. Henta 6. januar 2010. 
  3. «Liverpool confident they will land £8m Simao». The Independent. 5. januar 2006. Henta 6. januar 2010. 
  4. «Liverpool fail in move for Simao». BBC Sport. 31. august 2005. Henta 6. januar 2010. 
  5. «Simão enters Atlético history by scoring goal number 4,000». Atlético Madrid's website. 13. april 2009. Henta 6 .januar 2010. 
  6. Portugal progress as pool winners; UEFA.com, 21. juni 2006
  7. «Portugal ousted by German power show». UEFA.com. 19. juni 2008. Henta 7. januar 2010. 
  8. «Simao brace propels Portugal». FIFA.com. 10. oktober 2009. Henta 7. januar 2010.