Skaun bygdamuseum

Skaun bygdamuseum er eit bygdamuseum i Skaun kommune i Trøndelag. Det består av tre hovuddelar; eit bygdatun på Skreddarhaugen ved Husaby, ei lokalhistorisk utstilling på Venn fleirbrukshus og skulemuseet Råbygda gamle skule. Det er organisert som ein eigen frivillig organisasjon.

Museet har ca. 1100 gjenstandar, dei fleste henta frå kvardagsliv på 1800-talet og første halvdelen av 1900-talet.

Mykje av æra for at museet vart til, ligg til Gauklaget i Skaun og Gunnar Solstad, som gav museet dei første gjenstandane i 1962.

Skreddarhaugen endre

Rundt tunet på Skreddarhaugen er det fem bygningar; hovudbygninga Svenstu, ein låve, eit sprøytehus og stabbura Dalsburet og Motzfeldtburet (òg kalla Mosburet). Her finst det mange gjenstandar frå kvardagslivet på ein liten gard eller husmannsplass. I andreetasjen er det særleg mange gjenstandar knytte til skomakaryrket.

I sommarhalvåret blir det av og til arrangert opne dagar med kaffiservering her. Elles er bygdatunet alltid ope under Kristin på Husaby i august.

Lokalhistorisk utstilling endre

Den lokalhistoriske utstillinga er i kjellaren på fleirbrukshuset på Venn. Her er det bl.a. informasjonsplakatar om historia til Skaun kommune, særleg i mellomalderen, og mange gjenstandar for lintilverking.

Skulemuseet endre

Skulemuseet er lokalisert på Råbygda gamle skule frå 1878. Dette er ein skule som er nedlagt. Ungane i denne tidlegare krinsen, går no på Jåren/Råbygda skule.

Bakgrunnsstoff endre