Skjeggmaursmett
art av sporvefuglar
Skjeggmaursmett, Myrmotherula ignota, er ein liten fugl i maurfuglfamilien mykje lik dvergmaursmett. Skjeggmaursmett har jamvel mindre tendens til å delta i fleirartsflokkar enn dvergmaursmett, som ofte beitar parvis.
Skjeggmaursmett | |
Skjeggmaursmett | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Skjeggmaursmett | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Maurfuglar Thamnophilidae |
Slekt: | Myrmotherula |
Art: | Skjeggmaursmett M. ignota |
Vitskapleg namn | |
Myrmotherula ignota |
I dag er det vanleg å skildre to allopatriske underartar.
- M. ignota ignota er den nordvestre forma og lever frå austre Panama i nord gjennom vestre Colombia til nordvestre Ecuador.
- M. ignota obscura er den søraustre forma, frå sørlege, sentrale og austre Colombia til nordaustre Peru og vestre del av Amazonas i Brasil.
Underartane har tidvis vore rekna som sjølvstendige artar med dei engelske namna Griscom's Antwren og Short-billed Antwren. Førstnemnte underart er ca. ein centimeter kortare enn dvergmaursmett[1] og kan vere den minste av alle maurfuglar.
Kjelder
endre- Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (20. desember 2010), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 2. januar 2011
- Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8
Referansar
endre- ↑ Ridgeley og Greenfield, side 402
Bakgrunnsstoff
endre- BirdLife International (2014) Species factsheet: Myrmotherula ignota. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. august 2014.