Isopodar

Isopodar
Eurydice pulchra.jpg
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Overrekkje: Ecdysozoa
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Krepsdyr Crustacea
Klasse: Storkreps Malacostraca
Underklasse: Eumalacostraca
Overorden: Peracarida
Orden: Isopodar Isopoda
Latreille, 1817

Isopodar, isopoda, er ein orden krepsdyr som lever i fuktige miljø over heile kloten. Dei er mest talrike på grunt vatn i havet, men dei er òg vanlege i djuphavet, i ferskvatn og på land. Til denne ordenen høyrer mellom anna skrukketroll og tanglus.

Oversida av isopod i baltisk rav
Undersida av isopod i baltisk rav

Isopodane er ei gamal gruppe; dei eldste fossilane er funne i lag frå karbontida og liknar påfallande på visse artar som lever den dag i dag i ferskvatn på den sørlege halvkula.

SkildringEndra

Isopodar har tredelt kropp som består av hovud, thorax og abdomen. Dei har eit framståande par antenner og sju par gangbein. Bakerst på kroppen har dei uropodar, som varierer i farge frå mørk grå til kvite.

Isopodar pustar med gjeller. Landlevande artar (skrukketroll) har utvikla såkalla pseudotrakèer som leier oksygen frå lufta inn i blodkarsystemet, hemolymfen. Dette er ikkje 100% effektivt, så skrukketrolla må framleis halda seg i fuktige miljø.

LevesettEndra

Isopodar finst i ei rekkje ulike miljø og er tilpassa ei rekkje ulike levesett.

  • Skrukketroll er altetarar som lever av ymse plantemateriale, særleg daudt og forråtnande.
  • Slekta Bathynomus et åtsel i djuphavet og kan bli opp til 45 cm lange.
  • Slekta Cymothoa lever parasittisk i munnen på fisk, og er kjend for å eta opp tunga til vertsdyret.
  • Familien Limnoriidae lever av plantemateriale frå drivved eller sjøplanter dei borar seg inn i.

BakgrunnsstoffEndra