Slangeørner
Slangeørner (Circaetus) er ei biologisk slekt av mellomstore ørner i haukefamilien Accipitridae. Fem artar lever i Afrika. Den sjette, arten slangeørn, hekkar frå Middelhavsbassenget til Russland, Midtausten og India, og overvintrar i Afrika sør for Sahara og austover til Indonesia.
Slangeørner | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Haukefuglar Accipitriformes |
Familie: | Haukefamilien Accipitridae |
Slekt: | Slangeørner Circaetus Vieillot, 1816 |
Slekta Circaetus vart introdusert i 1816 av den franske ornitologen Louis Pierre Vieillot for å romme ein enkelt art, arten slangeørn, som derfor blir rekna som typearten.[1][2] Slektsnamnet er frå det antikke greske kirkos, ein «hauk», og aetos, «ørn».[3] Slekta inneheld seks artar.[4]
Skildring
endreSlangeørner finst i opne habitat som dyrka sletter og tørre savannar, men krev tre for å byggje eit pinnereir. Det er hovudsakleg hoa aleine som rugar det eine egget i kullet.
Circaetus-ørner har eit avrunda hovud og breie venger. Dei jaktar på krypdyr, hovudsakleg slangar, men tek også øgler og nokre gonger små pattedyr.
Artsliste
endreCircaetus i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V14.1. 2024.[4] Norske artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler.[5]
- Slangeørn, Circaetus gallicus, Short-toed Snake Eagle, (Gmelin, JF, 1788), (LC)
- Guineaslangeørn, Circaetus beaudouini, Beaudouin's Snake Eagle, Verreaux, J & des Murs, 1862, (VU)
- Svartbrystslangeørn, Circaetus pectoralis, Black-chested Snake Eagle, Smith, A, 1829, (LC)
- Brunslangeørn, Circaetus cinereus, Brown Snake Eagle, Vieillot, 1818, (LC)
- Kystslangeørn, Circaetus fasciolatus, Southern Banded Snake Eagle, Kaup, 1847, (NT)
- Bandslangeørn, Circaetus cinerascens, Western Banded Snake Eagle, Müller, JW, 1851, (LC)
-
Slangeørn, Circaetus gallicus
-
Svartbrystslangeørn, Circaetus pectoralis
-
Guineaslangeørn, Circaetus beaudouini
-
Brunslangeørn, Circaetus cinereus
-
Kystslangeørn, Circaetus fasciolatus
-
Bandslangeørn, Circaetus cinerascens
Kjelder
endre- Denne artikkelen er ei omsetjing av «Circaetus» frå Wikipedia på engelsk, den 18. april 2024
- Referansar
- ↑ Vieillot, Louis Pierre (1816). Analyse d'une Nouvelle Ornithologie Élémentaire (på French). Paris: Deterville/self. s. 23.
- ↑ Mayr, Ernst; Cottrell, G. William, red. (1979). Check-List of Birds of the World 1 (2nd utg.). Cambridge, Massachusetts: Museum of Comparative Zoology. s. 309.
- ↑ Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 108. ISBN 978-1-4081-2501-4.
- ↑ 4,0 4,1 Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (januar 2024). «IOC World Bird List Version 14.1, Master lists». International Ornithologists' Union. Henta 27. mars 2024.
- ↑ Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 14. april 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Slangeørner hos Artsdatabanken
- (en) Slangeørner – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Slangeørner i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Slangeørner hos Dyntaxa
- (en) Slangeørner hos Fauna Europaea
- (en) Slangeørner hos ITIS
- (en) Slangeørner hos NCBI
- (en) Kategori:Circaetus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Circaetus – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Circaetus – detaljert informasjon på Wikispecies