Slave to Love
Singel av Bryan Ferry
frå albumet Boys and Girls
Språk engelsk
Utgjeve 28. april 1985
Sjanger Softrock
Lengd 3:59 (7″-miks)
5:56 (12″-miks)
4:26 (album)
Selskap E.G. Records
Komponist Bryan Ferry
Tekstforfattar Bryan Ferry
Låtskrivar(ar) Bryan Ferry
Produsent Bryan Ferry
Rhett Davies
Bryan Ferry-kronologi 
«That's How Strong My Love Is»
(1978)
Slave to Love «Don't Stop the Dance»
(1985)


«Slave to Love» er ein song av Bryan Ferry. Det var den første singelen den tidlegare Roxy Music-songaren gav ut i 1985 frå albumet Boys and Girls, og ein av dei mest populære solosongane hans. Singelen kom ut 28. april 1985 og låg ni veker på singellista i Storbritannia, der han nådde tiandeplassen. I Noreg nådde singelen femteplassen på VG-lista og låg seks veker på lista. B-sida til singelen var instrumentalen «Valentine». Det vart òg gjeven ut ein 12" miks av singelen.

Over to månader seinare framførte han songen på Live AidWembley Stadium i London.

Med på songen er Neil Hubbard og Keith Scott på sologitar,[1] Dire Straits-medlemmet Guy Fletcher på klaverinstrument, Omar Hakim på trommer og Tony Levin på bassgitar.

Musikkvideo endre

Ein musikkvideo vart regissert av Jean-Baptiste Mondino med den svenske modellen Christine Bergström, den franske modellen Laurence Treil, den nederlandske modellen Marpessa Hennink, Jillian King, Fabrice Langlade, Olivier Poivre og Richard Teophile.

Innhald endre

7" endre

  1. «Slave to Love»
  2. «Valentine» (Instrumental)

12"-singel: E.G. Records / FERRx 1 881873-1 endre

  1. «Slave to Love» (Special 12" Re-Mix) – 5:56
  2. «Slave to Love» (Instrumental) – 4:23
  3. «Valentine» (Instrumental) – 4:00

Salslister endre

Liste (1985) Plassering
Australia (Kent Music Report)[2] 29
Canadian Singles Chart 76
UK Singles Chart 10
Irish Singles Chart 8
Den tyske singellista 30
Den sveitsiske singellista[3] 18
Nederlandsk Topp 40 33
Den franske singellista 45
Den belgiske singellista 10
Den norske VG-lista 5
Den australske singellista 29
Den newzealandske singellista 11

Andre versjonar endre

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Tony Hadley, Willy DeVille, Elan Atias, Jimmy Scott, Martha Wainwright og Dan Kelly og Róisín Murphy

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre