Slitu
Slitu er ein tettstad i Indre Østfold kommune i Viken. Han har 749 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg halvvegs mellom Mysen i aust og Askim i vest langs E18. Staden har både industri, handel og jordbruk. Namnet kjem frå garden Slitu. Sjølve ordet Slitu tyder 'slette'.
Slitu | |||
stad | |||
Blokk på Slitu ved E18
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Viken | ||
Kommune | Indre Østfold | ||
Areal | 0,66 km² | ||
Folketal | 749 (2017) | ||
Folketettleik | 1 135 / km² | ||
Preposisjon | på Slitu | ||
![]() Slitu |
Tenor kyrkjeruin på Slitu viser restar av ei lita mellomalderkyrkje frå 1200-talet. Kyrkja var eit anneks til Eidsberg kyrkje. Etter konserveringsarbeid blei anlegget offisielt opna med gudstjeneste og dåp i juni 2008.
Historie Endra
Foto: O. Skarbø via Nasjonalbiblioteket
Slitu var frå gammalt av eit viktig handelssentrum. Jernbanestasjonen her opna i 1882 langs Østre linje av Østfoldbanen.
Tettstaden låg i Eidsberg kommune og dels i Trøgstad kommune[1] i Østfold fram til regionsreforma i 2020.
Kjende folk frå Slitu Endra
- Vibeke Skofterud, skiløpar
Kjelder Endra
- ↑ «Tettsteders befolkning og areal», ssb.no (på norsk), 20. desember 2019, henta 4. mai 2020
- Denne artikkelen bygger på «Slitu» frå Wikipedia på bokmål, den 4. mai 2020.