Snøpetrell
Snøpetrell (Pagodroma nivea) er ein liten, heilkvit fullmarin petrell med svart underdun, kolsvarte augo, eit lite svart nebb og blåaktige til grå føter. Kroppslengda er frå 36 til 41 centimeter og vengespennet frå 76 til 79 cm. Snøpetrellen har hekkedistribusjon lengre sør enn nokon annan fugleart, er ein av berre tre artar som ikkje hekkar andre stader enn på Antarktis og han har jamvel vore sett på Sørpolen. Arten er monotypisk i slekta Pagodroma.
Snøpetrell | |
Snøpetrell, Pagodroma nivea Foto: Samuel Blanc
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Snøpetrell | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
Familie: | Stormfuglfamilien Procellariidae |
Slekt: | Pagodroma |
Art: | Snøpetrell P. nivea |
Vitskapleg namn | |
Pagodroma nivea |
Hekkekoloniane ligg på fastlandet på Antarktis, medrekna Dronning Mauds land, Antarktishalvøya og på fleire øyar inklusive Bouvetøya. Koloniane varierer i storleik og ligg vanlegvis i fjellsider nær havet, men også i innlandet. Somme individ kan halde seg i kolonien året rundt, men koloniane har stor auke i populasjon frå midten av september til byrjinga av november. Reiret er ei enkel grop i småstein plassert i holrom under steinar med vern frå overheng. Snøpetrellen legg eit kvitt egg i perioden frå slutten av november til midten av desember, rugetida er frå 41 til 49 dagar og ungane treng varme i 8 dagar. Dei er flygedyktige tidlegast 7 veker seinare. Levealderen er frå 14 til 20 år. Føda til snøpetrellen er fisk, kril, litt blekksprut og blautdyr så vel som åtsel. Som mange petrellar kan desse fuglane sprute ei voksaktig, illeluktande væske på reirinntrengjarar. Denne olja stinkar av fisk, og er vanskeleg å fjerne.
Om vinteren kan dei spreie seg nordover til pakkisen, til isflak, men sjeldan på ope hav. Berre unntaksvis er dei observert nord for pakkisen. Typisk er dei samla på isfjell.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Snow petrel» frå Wikipedia på engelsk, den 24. juni 2009.
- Fuglelivet rundt Troll Blogg frå forskingsstasjonen Troll
- Artsskildring hos Australian Antarctic Division Arkivert 2009-06-28 ved Wayback Machine.