Sogningen/Sogns Avis

Sogningen/Sogns Avis (S/SA) var ei avis som vart utgjeven i Leikanger i Sogn. Avisa var eit resultat av dei to avisene Sogningen og Sogns Avis, som frå slutten av 1950-åra vart teknisk og redaksjonelt samkøyrde og frå 1972 heilintegrerte under tittelen S/SA.

Fram til 1957 vart Venstre-avisa Sogn og Fjordane, som då var fylkets største, trykt på Ingvald Husabø Prenteverk. Dette året braut redaktør og aviseigar Einar Svartefoss ut og kjøpte eiga trykkpresse. På kort tid sikra trykkerieigar Ingvald Husabø forlagsretten til Høgre-bladet Sogningen, og to år seinare henta han inn Sp-bladet Sogns Avis. Målet var å vinna tilbake opplaget, middelet vart Sogningen/Sogns Avis.

Dei to avisene, som tidlegare kom ut to dagar i veka, vart tredagarsaviser (måndag, onsdag og fredag) då dei kom på Ingvald Husabø sine hender. Frå desember 1969 vart utgjevingsdagane endra til tysdag, torsdag og laurdag, slik at Sogningen/Sogns Avis og konkurrenten Sogn og Fjordane heretter kom på ulike dagar.

Sogningen/Sogns Avis er framleis namnet på aksjeselskapet som gjev ut dagens Sogn Avis, som i 1993 vart resultatet av ei samanslåing av S/SA og Sogn og Fjordane, etter at Ingvald Husabø hadde vunne aviskrigen i Sogn.

Sogningen endre

Sogningen vart starta av Rasmus Thorsen med hjelp av Høgre si partiavdeling i Bergen våren 1897. Avisa var lenge det dominerande bygdebladet i Midtre Sogn, men tapte terreng i mellomkrigstida.

I 1925 vart avisa seld og flytt frå opphavsstaden Vik til nabobygda Balestrand på andre sida av fjorden. Avisa gjekk inn i 1942 då redaktør Richard Knoff jr. nekta å bøya av for nazistane sine vilkår. Då avisa kom i gang att året etter krigen var ho tilbake i heimbygda Vik.

Trykkerieigar Ingvald Husabø sikra seg forlagsretten og flytte avisa til Leikanger vinteren 1957. Avtroppande redaktør Thormod Liljedahl skreiv ein bitter leiar i sisteutgåva frå Vik 14. februar 1957, der han mellom anna skulda Husabø for å vera svartsjuk etter å ha tapt trykkinga av avisa Sogn og Fjordane.

Redaktørane i avisa har vore Rasmus Thorsen (1897-1911), Dankert M. Skagen (1911-1912, konstituert), P. Stensager (1912-1916), Thormod Liljedahl (1916-1925), Richard Knoff sr. (1925-1940), Richard Knoff jr. (1940-1942), H. C. Hansen (1946-1948), Hans H. Schjelderup (1948-1951), Halvdan Brekke (1951-1955), Martin Lilleheim (1955, konstituert), Thormod Liljedahl (1955-1957), Edgar Henriksen (1957), Simon Olsen (1957-1959), Bjarne Nondal (1959-1960) og Hans Arnesen (1960-1971).

Sogns Avis endre

Sogns Avis vart starta som partipolitisk uavhengig lokalblad i Vik i 1926, året etter at Sogningen vart flytt til Balestrand. I 1927 vart avisa fyrst teken over av boktrykkar Ingvald Husabø, då med bustad i Vik, men seinare same året omgjort til organ for Norges Bondelag, og dermed til reiskap for Bondepartiet. Avisa gjekk inn hausten 1941 etter å ha fått stoppordre av okkupasjonsmakta.

Etter krigen kom Sogns Avis i gang att i juli 1945. Tre år seinare vart avisa flytt til Sogndal, dels for å fylla tomromet etter Sogns Tidend og dels fordi Bondelaget såg at Vik var ein for tung stad å gjenreisa avisa. I november 1954 vart Sogns Avis lagd på is.

Hausten 1959 lånte Senterpartiet ut avisa til trykkerieigar Ingvald Husabø, som lova å få avisa på føtene att. Det gjorde han på den måten at Sogns Avis vart teknisk og redaksjonelt samkøyrd med Sogningen. Husabø stod sjølv som ansvarleg overfor presselova fram til Hans Arnesen vart tilsett som redaktør i desember same året. Då Arnesen i oktober 1960 vart redaktør i Sogningen, vart Knut Helland redaktør i Sogns Avis. Frå april 1962 vart dei to avisene samkøyrde under Sogningen sin redaktør, og var etter dette identiske produkt med ulike titlar.

Redaktørane i avisa har vore Thormod Liljedahl (1926-1927), Ingvald Husabø (1927), Ivar Tveit (1927-1931), Hermund Haukenes (1931-1942 og 1945-1948), Jørgen Bergo (1948-1950), Ivar Rusti (1950, konstituert), Lars Rødland (1950-1952), Ivar Rusti (1952, konstituert), Hans H. Schjelderup (1952-1954), Ingvald Husabø (1959, ansvarleg overfor presselova), Hans Arnesen (1959-1960) og Knut Helland (1960-1962).

S/SA endre

Etter å ha tilbakelagt 60-talet som to identiske aviser, vart Sogningen og Sogns Avis sydde i hop under tittelen S/SA frå nyår 1972. Den nye avisa fekk undertittelen «politisk uavhengig», men var i praksis ei høgreavis. På folkemunne gjekk S/SA under namnet «Sogningen», og vart oppfatta som ei forlenging av den konservative avisa frå 1897.

Dei komande 20 åra vart S/SA under redaktør Hans Arnesen fylkets største opplagssuksess. Avisa la om til tabloidformat i 1975, og med hjelp av den nye trykkpressa kunne dei samstundes auka sidetalet. I 1983 tok avisa att konkurrenten Sogn og Fjordane i opplagstal.

Ti år etter opplagstriumfen kunne eigarane, Husabø-familien i Leikanger, kassera inn den endelege sigeren etter det bitre brotet i 1957. Då vart konkurrenten Sogn og Fjordane kjøpt opp og slegen saman med S/SA under namnet Sogn Avis.

Redaktørane i S/SA har vore Hans Arnesen (1962-1987) og Gerhard Haugland (1987-1992).

Bakgrunnsstoff endre