Solveig Sollie
norsk politikar
Solveig Helene Sollie (fødd 19. april 1939 i Sørum i Akershus) er ein norsk politikar frå Kristeleg Folkeparti. Ho vart vald inn på Stortinget frå Telemark i 1985. Ho vart statsråd i Forbrukar- og administrasjonsdepartementet i 1989 i Jan P. Syse si regjering. Departementet skifta under regjeringstida hennar seinare namn til Familie- og forbrukardepartementet.[1]
Solveig Sollie | |
Fødd | 19. april 1939 (84 år) Sørum |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Kristeleg Folkeparti |
Yrke | politikar |
Sollie var nestleiar i KrF frå 1987 til 1991. Frå 1998 til 2004 var ho fylkesmann i Telemark.
RegjeringEndra
- 1. januar 1990–3. november 1990 - Statsråd Familie- og forbrukardepartementet
- 16. oktober 1989–31. desember 1989 - Statsråd Forbrukar- og administrasjonsdepartementet med ansvar for familie- og forbrukarsaker
StortingskomitearEndra
- 1985–1989 - medlem i Sosialkomitéen
- 1985–1989 - medlem i Finanskomitéen
- 1985–1989 - varamedlem i Valkomitéen
- 1989–1993 - medlem i Landbrukskomitéen
- 1993–1997 - medlem i Den førebuande fullmaktskomitéen
- 1993–1997 - nestleiar i Familie-, kultur- og administrasjonskomitéen
- 1993–1997 - varamedlem i Den utvida utanrikskomitéen
- 1993–1997 - medlem i Valkomitéen
FotnotarEndra
- ↑ Høybråten, Dagfinn (17.04.2009). «Kontantstøttens mor fyller 70 år!». krf.no. Henta 25. april 2009.