Songen A Kind of Magic
A Kind of Magic Singel av Queen frå albumet A Kind of Magic | ||
B-side |
«A Dozen Red Roses for My Darling» | |
---|---|---|
Utgjeve | 17. mars 1986 (UK) 4. juni 1986 (US) | |
Innspelt | September 1985 – januar 1986 | |
Sjanger | rock | |
Lengd |
| |
Selskap | EMI, Capitol | |
Låtskrivar(ar) | Roger Taylor | |
Produsent | Queen, David Richards | |
Queen-kronologi | ||
«One Vision» (1985) |
A Kind of Magic | «Princes of the Universe» (1986)
|
«A Kind of Magic» er tittelsporet til albumet med same namn frå 1986 av det britiske rockebandet Queen. Han var skriven av trommeslagaren Roger Taylor for filmen Highlander. Singelen nådde tredjeplassen på UK Singles Chart, topp ti i fleire land i EUropa og 42. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100. Songen er opningssporet på samlealbuma Greatest Hits II og Classic Queen.[1]
I Queen-samlingane The Platina Collection, Classic Queen og Greatest Hits II står det i omslaget at songen nådde toppen av listenen i 35 land verda over,[2] men så langt kjenner ein ikkje til noko stad der songen nådde toppen av listene.
Innspeling
endreTittel
endreTittelen «a kind of magic» vert sagt i Highlander av Connor MacLeod (Christopher Lambert) då han skildra udøydelegheita si. Roger Taylor likte uttrykket så godt at han brukte det som ein inspirasjon for songen. Det er ein referanse til filmen i teksten: «one prize, one goal»; «no mortal man» og «there can be only one».
Komposisjon
endreTaylor skreiv melodien og akkordane for versjonen i filmen, som Brian May skildra som «ganske sorgfull og tung».[3] Freddie Mercury komponerte ei ny basslinje, la til instrumentale pasuar og endra rekkefølgja i songen slik at han vart meir popvenleg. Mercury og David Richards produserte denne nye versjonen. Songen var likevel berre tilskriven Taylor. Medan versjonen til Taylor kjem mot slutten av filmen, kom Mercury sin versjon først på albumet. Filmversjonen av «A Kind of Magic» vart først gjeve ut som bonusspor i 2011.
Konsertversjonar
endreSongen vart ofte spelt på The Magic-turneen same året, som viste seg å bli den siste turneen til Queen før Freddie Mercury døydde.
Taylor spelte ofte songen på solokonsertane sine, og i lag med bandet The Cross. På Rock the Cosmos-turneen i EUropa song Taylor solovokal på songen på somme av konsertane.
Musikkvideo
endreMusikkvideoen for songen vart regissert av Russell Mulcahy, som regisserte Highlander. I videoen kan ein sjå Mercury som går inn på eit nedlsagt teater, der han finn May, Taylor og John Deacon, kledde som landstrykarar. Mercury omvandlar dei tre til Queen-medlemmar, med sine respektive instrument, før dei går attende til å bli landstrykarar att når han forlet teateret. Gjennom videoen dansar animasjonbilete til rytmen i songen. Desse vart produserte av Walt Disney Corporation.
Andre versjonar
endreMusikalartisten Elaine Paige spelte inn songen på albumet hennar The Queen Album i 1988.[4]
Lister
endreSalstrofé
endreRegion | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Brasil (ABPD)[5] | Platina | 100,000* |
^salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Medverkande
endreI andre media
endre- Musikken vart nytta i traileren til filmen The Adventures of Pinocchio.
- Ein kortare versjon av songen vart nytta i animasjonsserien A Kind of Magic.
- Ein sampel av Mercury som seier «Ha ha ha ha ha, it's magic» vart òg nytta i Queen-songen «I Was Born to Love You» frå albumet Made in Heaven.
- Songen vart nytta i ein episode av Queer as Folk.
Kjelder
endre- ↑ Queen Album: Classic Queen MTV. Henta 2. juli 2011
- ↑ Jenkins, Jim; Smith, Jacky; Davis, Andy; Symes, Phil (2000). The Platina Collection (CD booklet). Queen. Parlophone. s. 11. 7243 5 29883 2 7.
- ↑ Purvis, Georg (2011). Queen Complete Works. London: Titan Books. s. 209.
- ↑ «The Queen Album». AllMusic. Henta 6. september 2015.
- ↑ «Brazilian single salstrofé – A Kind of Magic» (på portugisisk). Associação Brasileira dos Produtores de Discos.
- «A Kind Of Magic by Queen Songfacts». Songfacts. Arkivert frå originalen den 23. desember 2007. Henta 31. desember 2007.