Opna hovudmenyen
I Was Born to Love You
Singel av Freddie Mercury
frå albumet Mr. Bad Guy
B-side «Stop All the Fighting»
Utgjeve 8. april 1985
Innspelt 1984
Sjanger poprock, disco
Lengd 3:37 (7" og album)

7:03 (12" extended version)

Selskap CBS
Låtskrivar(ar) Freddie Mercury
Produsent Freddie Mercury og Reinhold Mack
Freddie Mercury-kronologi
«Love Kills»
(1984)
I Was Born to Love You «Made in Heaven»
(1985)


I Was Born to Love You
Singel av Queen
frå albumet Made in Heaven
Utgjeve 28. februar 1996[1]
(Japan only)
Innspelt 1984, 1995
Sjanger rock, hardrock
Lengd 4:49
Selskap EMI
Hollywood (Nord-Amerika)
Låtskrivar(ar) Freddie Mercury
Produsent Queen
Queen-kronologi
«A Winter's Tale»
(1995)
I Was Born to Love You «Too Much Love Will Kill You»
(1996)


«I Was Born to Love You» er ein song frå 1985 av Freddie Mercury, gjeven ut på singel og på albumet Mr. Bad Guy. Etter Mercury døydde omarbeidde Queen denne songen for albumet deira Made in Heaven i 1995. Dei heldt vokalen til Mercury, men spelte om att alle instrumentalpartia, og omgjorde songen frå ein discolåt til ein hardrocklåt.

Songen vart spelt på konsert første gongen i 2005 av Queen + Paul Rodgers i Japan. Brian May og Roger Taylor framførte songen akustisk. Songen vart òg framført av Queen + Adam Lambert i Sør-Korea og Japan.

Queen-versjonen frå Made In Heaven nyttar ein sample av den improviserte vokalen til Mercury frå «A Kind of Magic» frå albumet med same namn og frå «Living On My Own» frå albumet Mr. Bad Guy.

Innhaldsliste

MusikkvideoEndra

Det vart laga ein video for den originale Mercury-versjonen, regissert av David Mallet og filma i det no øydelagde Limehouse Studios i London. Mercury syng songen føre ein vegg av speglar, og spring så gjennom eit hus med ei ukjend kvinne (Debbie Ash), før han dansar på eit podium.

Videoen for Made in Heaven-versjonen vart regissert av Richard Heslop for British Film Institute, og vart inkludert på Made In Heaven: The Films. Han syner innbyggjarar frå sosialbustader, og folk av alle seksuelle retningar. Ein ser par som kyssar, barn som leiker og tenåringar som stel og øydelegg ein bil. Videoen nyttar den forkorta utgåva som finst på vinylutgåva av albumet.

I andre mediaEndra

Songen er blitt brutk i fleire fjernsynsreklamar, hovudsakleg i Japan. Den originale versjonen med Mercury vart nytta i ein japansk sminkereklame i 1980-åra. Queen-versjonen vart gjeven ut på singel i Japan i februar 1996 etter at songen var blitt nytta i ein TV-reklame for Kirin Ichiban Shibori,[1] eit spritmerke i landet produsert av Kirin Brewery Company. Singelen vart den første Queen-songen som gjekk inn på den japanske singellista sidan «Teo Torriatte (Let Us Cling Together)», i 1977.

I 2004 vart Queen-versjonen av songen nytta som kjenningsmelodi for den japanske dramaserien Pride.

Andre versjonarEndra

Ein versjon av songen, basert på Queen-utgåva, er nytta i fjerde nivået på Nintendo DS-spelet Elite Beat Agents.

Ein eurodance-versjon av songen vart spelt inn av gutebandet Worlds Apart.

Songen finst i ein episode av serien Pretty Guardian Sailor Moon.

Songen vart spelt inn av rockeartisten Andrew W.K. og gjeven ut i Japan i februar 2011.

MedverkandeEndra

ListerEndra

Freddie Mercury-versjonen
Liste (1985) Plassering
Den tyske singellista 10
UK Singles Chart 11
Den austerrikske singellista 20
Den sveitsiske singellista 24
Den japanske singellista 55
Den sørafrikanske singellista [2] 4
U.S. Billboard Hot 100 76
Liste (2016) Plassering
Polen (Den polske Topp 5-lista)[3] 69
Queen-versjonen
År Liste Plassering
1996 Den japanske singellista 45
2004 1

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra