One Vision
Singel av Queen
frå albumet A Kind of Magic
B-side

Blurred Vision

Språk engelsk
Utgjeve 4. november 1985 (UK)
20. november 1985 (US)
Innspelt September 1985
Sjanger Hardrock
Lengd * 4:02 (singel)
  • 6:28 (12" 'extended vision')
  • 5:11 (album)
  • 4:38 (Classic Queen-versjonen)
Selskap EMI, Capitol
Komponist Freddie Mercury, Brian May, Roger Taylor, John Deacon
Tekstforfattar Freddie Mercury, Brian May, Roger Taylor, John Deacon
Låtskrivar(ar) Queen
Produsent Queen, Reinhold Mack
Queen-kronologi 
«Thank God It's Christmas»
(1984)
One Vision «A Kind of Magic»
(1986)


«One Vision» er ein song skriven og spelt inn av det britiske rockebandet Queen. Han vart først gjeven ut på singel i november 1985, og så på albumet deira A Kind of Magic i 1986. Han var opphavleg skriven av Roger Taylor.[1][2]

Det er spekulert i om songen anten var inspirert av framføringa til bandet på Live Aid tidlegare i 1985, eller av livet og gjerningane til Martin Luther King, med ein tekst som omhandlar ein mann som kjempar mot alle odds og overvinn dei til slutt.[2] I ein BBC-dokumentar frå 2011, Queen: Days of Our Lives, sa Taylor at teksten «dels var teken frå den kjende talen til Martin Luther King».[3] I musikkvideoen til songen vert det nytta ein glidande transformasjon mellom det kjende bilete av bandet frå «Bohemian Rhapsody» i 1975 til den same posituren i 1985. Songen vart spelt på alle konsertane til Queen på The Magic-turneen, som opningssongen på kvar konsert.[4] Dei hevda dei valde «One Vision» som første song, fordi introen var ein perfekt konsertstart.

B-side endre

Ein kraftig remiksa versjon av songen, kalla «Blurred Vision» kom ut som B-sida til både 7"- og 12"-singelen. Han er nøyaktig same versjon i begge format. Dette er hovudsakleg ein forlenga og fullstendig annleis versjon av trommepartiet til Taylor frå originalen, men med same struktur.

Medverkande endre

Andre versjonar endre

  • Det tyske industribandet Laibach spelte inn songen som «Geburt einer Nation», som endra den noko positive og sorglause stemninga i originalen til ein industriell, krigshymne. Denne versjonen avdekte at fleire av linjene var fleirtydige, som «One race one hope/One real decision». Versjonen kom ut i 1987 på albumet Opus Dei. Det vart filma ein video for versjonen, regissert av Daniel Landin.
  • Den engelske tenoren Alfie Boe og popstjerna Kimberley Walsh har spelt inn songen som den offisielle songen til Team GB som representerte Storbritannia under sommar-OL 2012, og endra teksten frå 'One Man' til 'One Team'.
  • The Protomen spelte inn «One Vision», i lag med andre Queen-songar, på A Night of Queen-showet, som seinare vart eit konsertalbum.
  • Det finst òg ein versjon framført på konsertar av Melanie C.

Musikkvideo endre

Musikkvideoen til «One Vision» vart filma i september 1985 og syner bandet som spelar inn songen i Musicland Studios i München og var den første som vart regissert og produsert for Queen av dei austerrikske regissørane Rudi Dolezal og Hannes Rossacher, i lag kalla DoRo. DoRo og Queen utvikla eit fruktbart forhold som førte til fleire prisvinnande og lovpriste musikkvideoar, som for «Innuendo» og «The Show Must Go On».

Videoen inneheld ein glidande transformasjon frå biletet av bandet i den kjende posituren frå videoen til «Bohemian Rhapsody» i 1975, til ein versjon av bandet frå 1985 i den same posituren. Ein kan til og med sjå John Deacon spele trommer. Det vart òg laga ein video som passa med 12"-versjonen av songen, som finst på Queen Rocks The Video VHS og Queen: Greatest Video Hits 2 DVD.

Lister endre

«One Vision» vart ein hit for Queen i mange land, og nådde vanlegvis topp 40, mellom anna i Nederland (#21), Sveits (#24) og Tyskland (#26). Han nådde 61. plassen på Billboard Hot 100 i USA. I Storbritannia vart han ein stor hitt og nådde sjuandeplassen på den britiske singellista, medan han nådde ein tiandeplass i Australia.

Andre media endre

Songen vart nytta i filmen Iron Eagle og kom ut på filmmusikkalbumet til filmen. Versjonen på Iron Eagle-albumet er den originale singelversjonen.

Songen finst i musikken til Grand Theft Auto IV på radiostasjonen «Liberty Rock Radio 97.8».

Songen var mogeleg å laste ned for musikkvideospelet Rock Band 3.[5][6]

Songen vart nytta som kjenningsmelodi for TV-serien I Love My Country.

Kjelder endre

  1. A Kind Of Magic: Album Details QueenOnline. Henta 5. juli 2016
  2. 2,0 2,1 Queen - One Vision Allmusic. Henta 5. juli 2016
  3. O'Casey, Matt, dir. (2002) Queen - Days of Our Lives. Part 2. Queen Productions Ltd. Henta 29. august 2011
  4. Queen live on tour: Magic tour: Setlist Queen Concerts. Henta 8. juli 2011
  5. Cortez, Hector (4. desember 2010). «More Queen Tracks Coming To Rock Band 3». m&c. Arkivert frå originalen 29. januar 2013. Henta 9. november 2012. 
  6. Snider, Mike (10. juni 2010). «Rock Band 3: What's New, What's Notable». USA Today. Henta 8. november 2012. 

Bakgrunnsstoff endre