Songen Rose of Cimarron

Rose of Cimarron
Singel av Poco
frå albumet Rose of Cimarron
B-side

Tulsa Turnaround

Utgjeve Oktober 1976
Innspelt 1976
Sjanger Countryrock
Lengd 3:14
Selskap ABC
Låtskrivar(ar) Rusty Young
Produsent Poco, Mark Henry Harman
Poco-kronologi 
«Makin' Love»
(1975)
Rose of Cimarron «Indian Summer»
(1977)


«Rose of Cimarron» er ein song av countryrockbandet Poco og tittelsporet på albumet deira Rose of Cimarron frå 1976. Songen er skriven av medlemmet Rusty Young og er sungen av Paul Cotton og Timothy B. Schmit.

Songen kom ut på singel i oktober 1976 og nådde 94. plassen på Billboard Hot 100. Det vart òg den einaste singelen til Poco som gjekk inn på singellista i Australia, der han nådde 51. plassen.

Salslister endre

Liste (1976) Plassering
Australia (Kent Music Report)[1] 51
USA (Billboard 100) 94

Andre versjonar endre

Den tyske duoen Hoffmann & Hoffmann debuterte på plate med ein tyskspråkleg versjon av songen, som hadde same tittelen som den engelske versjonen.

Songen vart spelt av Emmylou Harris i 1981 på albumet hennar Cimarron, og gav tittelen på albumet. Sandy Posey spelte òg inn «Rose of Cimarron» i 1982 på albumet hennar Tennessee Rose.

Sommaren 2017 spelte Rusty Young sjølv inn «Rose of Cimarron» som ein duett med vokalisten Chelsea Williams.[2]

Kjelder endre

  1. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 235. ISBN 0-646-11917-6. 
  2. http://islandzoneupdate.blogspot.ca/2017/09/chelsea-williams-integrity-intact.html