Soria Moria-erklæringa
Soria Moria-erklæringa er ei nemning på dei raud-grøne samarbeidspartia sitt grunnlag for andre Stoltenbergregjeringa. Regjeringa vart danna etter at partia vann fleirtal i Stortinget i Stortingsvalet 2005. Erklæringa skal etter planen avklara moglege stridsspørsmål, og danna eit politisk grunnlag for regjeringa. Samarbeidspartia er Arbeidarpartiet (Ap), Senterpartiet (Sp) og Sosialistisk Venstreparti (SV). Partileiarane Jens Stoltenberg, Kristin Halvorsen og Åslaug Haga leia forhandlingsutvalet frå kvart av partia. Namnet på erklæringa kjem av Soria Moria Hotell i Oslo, der forhandlingane om erklæringa gjekk føre seg frå 26. september. Hotellet er oppkalla etter Soria Moria slott. Erklæringa vart lagd fram den 13. oktober. Partia stod då fram og sa at erklæringa gjev grunnlag for danning av ny regjering. Regjeringa vert formelt danna den 17. oktober.
Nokre forhandlingsemne
endre- Grad av Petroleumsverksemd i Barentshavet og utanfor Nordland fylke.
- Norsk landbruk sine vilkår, mellom anna i høve WTO-avtala
- Norsk militær deltaking i Afghanistan og Irak
- Organiseringa av offentlege sjukehus
- Skulemat
- Karakterar i skulen
- Ekteskap og adopsjon for homofile
Bakgrunnsstoff
endreSoria Moria-erklæringa på Wikikilden (frie originaltekstar) |
- Slik blir det rødgrønne Norge Dagbladet
- 155 punkter med felles politikk www.dna.no
- Bush skjeler til Soria Moria Nettavisen
- Energi kan velte regjeringslasset Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine. Stavanger Aftenblad
- Soria Moria-erklæringa må skrivast på nynorsk[daud lenkje] Pressemelding frå Noregs Mållag