Soweto Kinch (fødd 10. januar 1978) er ein britisk jazz-altsaksofonist og rappar.

Soweto Kinch

Fødd10. januar 1978 (46 år)
FødestadLondon
AliasSoweto Kinch
OpphavStorbritannia
Sjangerjazz, crossover jazz
Instrumentsaksofon, vokal
Verka somjazzsaksofonist, rappar
FarDon Kinch
PrisarMOBO Awards, BBC Jazz Awards
 
Soweto Kinch opptrer ved Band on the Wall i Manchester, 4. oktober 2012

Kinch blei fødd i London i England med ein barbadisk far, dramatikaren Don Kinch, og den britisk-jamaicanske skodespelaren Yvette Harris til mor.[1] Han byrja å spela saksofon som niåring etter fyrst å ha lært å spela klarinett ved Allfarthing Primary School i Wandsworth i London. Han flytta så til Birmingham, der han var elev ved West House Primary School i Edgbaston.

Etter eit møte med Wynton Marsalis nokre år seinare oppdaga han og blei lidskapleg oppteken av jazz. Han spelte fyrst mest piano, men valde seinare i tenåra altsaksofonen som hovudinstrument. Han var elev ved Bromsgrove School i Worcestershire frå han var 13 til han fullførte A levels då han var 18. Ein tidleg musikalsk påverknad var vokalisten og perkusjonisten Frank Holder. Kinch studerte så Modern History ved Hertford College ved Oxford University.[2] Han drog også nytte av utdanningsprogramma til Tomorrow's Warriors,[3][4][5] ein organisajson grunnlagd av Janine Irons og Gary Crosby for utvikling av jazzmusikarar og artistar, og spelte med Crosby sitt band-kollektiv Jazz Jamaica All Stars collective.[6]

I 2001 skipa Kinch gruppa Soweto Kinch Trio i lag med bassisten Michael Olatuja og trommespelaren Troy Miller med støtte frå Courtney Pine ved Ronnie Scott's Jazz Club.[7] Dei opptredde ved Royal Festival Hall og ved Cheltenham International Jazz Festival.

I 2006 gav Kinch ut det andre albumet sitt, A Life in the Day of B19: Tales of the Tower Block.[8] Dette var fyrstedelen av to konseptalbum som skildra livet til tre menn frå Birmingham. Albumet inneheld foreljarstemma til nyheitsankeret Moira Stuart frå BBC.[9]

Kinch har også spelt med Pop Idol-bandet The Big Blue.

Kinch har opptredd for Don't Flop Entertainment, der han har tevla i rap battle og møtt Dotz,[10] Shuffle T[11] og Charron[12] som motstandarar.

I eit intervju ved Abbey Road Studios sa Amy Winehouse at ho ville likt å spela inn eit reinare («more purist») jazzalbum, og nemnde Kinch som ein jazzmusikar ho kunne tenkt seg å samarbeida med.[13]

Scenearbeid

endre

I 2013 presenterte Kinch ei sceneframføring av konseptalbumet sitt The Legend of Mike Smith ved Birmingham Repertory Theatre. Opptredenen var påverka av Den guddomelege komedien og Dei sju dødssyndene, og fortalde soga til Mike Smith, ein ung MC i møte med fleire freistingar frå samtida. Kinch framførte verket med Karl Rasheed Abel på bass og Shaney Forbes på trommer. Temaet gav Kinch høve til å utforska ei mengd ulike kjensler innan hip-hop og jazz.[14]

Anna arbeid

endre

I april 2016 blei Kinch programleiar for BBC Radio 3-programmet Jazz Now.

I 2019 var Kinch kurator for Koestler Arts-utstillinga, som viser fram kunst frå fangar og innsette i institusjonar, og blir halden ved Southbank Centre i London.[15]

Utgjevingar

endre
  • Conversations with the Unseen (Dune, 2003)
  • A Life in the Day of B19: Tales of the Tower Block (Dune, 2006)
  • War in a Rack (Soweto Kinch, 2009)
  • The New Emancipation (Soweto Kinch, 2010)
  • The Legend of Mike Smith (Soweto Kinch, 2013)
  • Nonagram (Soweto Kinch, 2016)
  • The Black Peril (Soweto Kinch, 2019)

Kjelder

endre
  1. Massarik, Jack, "Sax, rap and all that jazz", Evening Standard, 31. juli 2003.
  2. Hertford College Arkivert 23 December 2012 ved Wayback Machine.
  3. Le Gendre, Kevin, "Soweto Kinch interview: 'I see this real disconnect between the establishment bubble and what's happening in society'", Jazzwise, December 2017/January 2017.
  4. "Everyone's Talking About Us!", Tomorrow's Warriors, 20 March 2018.
  5. "The Jazz Ticket", Tomorrow's Warriors, 2. mai 2018.
  6. "Soweto Kinch – Jazz FM Photo of the Month" Arkivert 2020-08-03 ved Wayback Machine., William Ellis, 5. mars 2012.
  7. «Review - Courtney's a Superstar; Courtney Pine Ronnie Scott's, Birmingham». Sunday Mercury (Birmingham). 13. mai 2001. 
  8. "A Life in the Day of B19: Tales of the Tower Block", AllMusic.
  9. «#011: The Ballad of Soweto Kinch». yo yo pop!. Henta 16 July 2011. 
  10. Dotz Vs Soweto Kinch FREESTYLE GAUNTLET Arkivert 27 October 2013 ved Wayback Machine., Don't Flop.
  11. Shuffle-T Vs Soweto Kinch Arkivert 27 October 2013 ved Wayback Machine., Don't Flop.
  12. Charron Vs Soweto Kinch Freestyle Arkivert 27 October 2013 ved Wayback Machine., Don't Flop.
  13. McCormick, Neil, "Amy Winehouse: the final interview", The Telegraph, 23. juli 2016.
  14. Biography, Soweto Kinch website.
  15. «Another Me: Public Exhibition Launch». Southbank Centre. Arkivert frå originalen 17. august 2019. Henta 18. september 2019. 

Bakgrunnsstoff

endre