Wandsworth er ein indre forstad på sørsida av elva Themsen i sørvestlege London. Wandsworth har namnet sitt frå elva Wandle som går saman med Themsen ved Wandsworth. Området er identifisert i London-planen som ein av 35 større sentera i Stor-London.[1]

Wandsworth

St Anne's Church, Wandsworth
St Anne's Church, Wandsworth
St Anne's Church, Wandsworth
Plassering
Wandsworth is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Stor-London
Distrikt London Borough of Wandsworth
Geografi
Koordinatar 51°28′N 0°12′W / 51.467°N 0.200°W / 51.467; -0.200
Diverse annan informasjon
Postnummer SW18
Telefon-retningsnummer 0 20
Commons har multimedium som gjeld: Wandsworth

Wandsworth blir nemnt i Domesday Book frå 1086 som «Wandesorde» og «Wendelesorde». Dette tyder «inngjerdinga til (ein mann ved namn) Waendel», viss namn òg er lånt til elva Wandle.[2] Området var den gongen ått delvis av ein William, son av Ansculf, og delvis av klostret St Wandrille's Abbey. Aktivuma deira som var lista i Domedagsboka bestod av 12 hider, med 5 og halv plogar og 22 åkrar av engmark, til ein verdi av 9 pund.[3]

Den store franske diktaren Voltaire budde her på 1700-talet under det engelske eksilet sitt.

Skildring

endre

Sidan minst byrjinga av 1500-talet har Wandsworth tilbode husrom til ei samanhengande bølgje av innvandring, frå hollandske protestantiske metallarbeidarar som flykta frå forfølging på 1590-talet og til nyare austeuropeiske menneske frå andre medlemsstatar av EU.[4] Ein tilstrømming av franske hugenottiske flyktningar tidleg på 1600-talet kan sjåast i mange lokale gatenamn. Det er ei rekkje av små og kostbare terrasserte hus (kjent lokalt som Tonsleys) bak Old York Road, det tidlegare sentrumet av gamle Wandsworth som stig til eit område av større, terrasserte hus langs vegane som er omgjeve av West Side Wandsworth Common, Earlsfield Road og East Hill. I kontrast er den nedre delen av East Hill ei samling av større terrasseblokker og rekkehus.

I samsvar med ein artikkel i avisa The Guardian i 2004: «Wandsworth har ein større del av menneske viss livsstil, livssyn og trendar har forma tidsanda meir enn nokon annan stad i Storbritannia. Wandsworth er med andre ord kulare enn noko anna stad i Storbritannia.»

I samsvar med avisa Evening Standard er Wandsworth sjølve «hotspot» for dei folka i London som har inntekt over 100 000 pund.

I nærleiken ligg Wandsworth fengsel, det største i London, og det nest største i Storbritannia etter Liverpool.

 
Wandsworth fengsel

Mellom bykjernen og elva ligg bryggeriet Young & Co's Ram Brewery i hjartet av Wandsworth. Tradisjonelt fatøl har vore produsert på denne staden sidan 1581, noko som gjer Ram Brewery til den eldste staden i Storbritannia der øl har vorte brygga samanhengande.

Kjende folk

endre

Stader i nærleiken

endre

Kjelder

endre
  1. Londons borgarmeister (Februar 2008): «London Plan (Consolidated with Alterations since 2004)» Arkivert 2010-06-02 ved Wayback Machine.. (PDF) Stor-Londons styresmakter.
  2. Oxford Dictionary of British Place Names. Side 482.
  3. Surrey Domesday Book, arkivert frå originalen 30. oktober 2007, henta 21. juli 2011 
  4. Time Out London for Londoners. London: Ebury Publishing. 2006. ISBN 978-1-904978-52-7.

Bakgrunnsstoff

endre
  Reiseguide for Wandsworth frå Wikivoyage