Speed of Life av Nitty Gritty Dirt Band

Speed of Life
Studioalbum av Nitty Gritty Dirt Band
Utgjeve 2009
Sjanger Country, countryrock, folkrock, bluegrass
Lengd 45:34
Selskap NGDB
Produsent George Massenburg, Jon Randall Stewart
Nitty Gritty Dirt Band-kronologi 
Welcome to Woody Creek
(2004)
Speed of Life


Speed of Life er det 26. studioalbumet til det amerikanske countryrockbandet Nitty Gritty Dirt Band. Det nådde 59. plassen på den amerikanske country-albumlista.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]

Det var det første studioalbumet til Nitty Gritty Dirt Band på fem år. Tre av dei originale medlemmane i bandet var framleis med, men det mangeårige medlemmet Jimmy Ibbotson hadde slutta på dette tidspunktet. Albumet vart spelt inn live i studio i Nashville med George Massenburg og Jon Randall Stewart som produsentar. I tillegg til medlemmane Jeff Hanna, Jimmie Fadden, Bob Carpenter og John McEuen, fekk dei med seg studiomusikarane Glenn Worf på bass, Richard Bennett på gitar og Vince Santoro på trommer, i tillegg til korvokalistar som Matraca, Jessi Alexander og Jaime Hanna.

Allmusic skreiv om albumet: «Albumet syner at NGDB noko ein gong har oppfunne seg sjølv på nytt. Ingenting her er glatt Nashville-stil. Det kjennest organisk ut, som innspelinga deira på midten av 1970-åra, men er likevel ganske lyttarvennleg. Desse gamle karane kan framleis skine, har mykje country-soul og eitt og anna å lære ungdomen.»[1]

Innhald

endre
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Tulsa Sounds Like Trouble to Me»Shawn Camp, Mark D. Sanders4:36
2.«Brand New Heartache»Jeff Hanna, Donny Lowery3:11
3.«The Resurrection»Matraca Berg, Alice Randall4:13
4.«Somethin' Dangerous»Bob Carpenter, Tom Kell, Phil Soussan3:25
5.«Going Up the Country»Alan Wilson4:15
6.«Jimmy Martin»Phil Madeira, Jimmie Lee Sloas3:35
7.«Lost in the Pines»John McEuen1:05
8.«Speed of Life»Gary Scruggs3:37
9.«Amazing Love»Bob Carpenter, Jeff Hanna, Tom Kell4:06
10.«Stuck in the Middle»Joe Egan, Gerry Rafferty3:42
11.«Earthquake»Bob Carpenter, John McEuen3:23
12.«Tryin' to Try»Jimmie Fadden, Guy Clark2:49
13.«Good To Be Alive»Matraca Berg, Troy Verges3:37

Medverkande

endre
  • Jeff Hanna - vokal, akustisk, elektrisk og resonator-gitar, slidegitar, mandolin
  • Jimmie Fadden - vokal, trommer, munnspel, perkusjon
  • Bob Carpenter - vokal, Wurlitzer & piano, trekkspel, hammondorgel
  • John McEuen - 5-strengs banjo, mandolin, fele, lapsteel, fingerstil akustisk gitar

Andre musikarar

Produksjon

endre
  • Spelt inn live og miksa i: Blackbird Studio C, Nashville, TN.
  • Assistert av: Kazuri Arai og Nathan Yarborough
  • Produsert og miksa av: George Massenburg og Jon Randall Stewart
  • Mastering av: Doug Sax og George Massenburg
  • Design: Gina Binkley/Alter Ego Design

Salslister

endre
Liste (2009) Plassering
U.S. Billboard Top Country Albums 59

Kjelder

endre