Sphaerocarpos texanus
Sphaerocarpos texanus er ein levermose. Han er truleg den mest utbreidde arten i slekta, og finst i Nord-Amerika, Sør-Amerika, Europa og Nord-Afrika. Det er vanskeleg å skilja mellom ulike artar i slekta på utsjånad. S. texanus har noko mindre sporar enn andre artar, og sporeopningane er relativt store. I likskap med mest alle artar i slekta sit sporane permanent i tetradar.
Sphaerocarpos texanus | |
Sphaerocarpos texanus | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Levermosar Marchantiophyta |
Klasse: | Marchantiopsida |
Underklasse: | Sphaerocarpidae |
Orden: | Sphaerocarpales |
Familie: | Sphaerocarpaceae |
Slekt: | Sphaerocarpos |
Art: | S. texanus |
Vitskapleg namn | |
Sphaerocarpos texanus |
S. texanus veks på open flatmark med lett skugge.
Arten Sphaerocarpos californicus er same art.
Kjelder
endre- Haynes, C. C. (1910). Bulletin of the Torrey Botanical Club 37(5), 215-30.
- NatureServe Comprehensive Species Index[daud lenkje]
Bakgrunnsstoff
endre
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Sphaerocarpos texanus