Spheniscus
Spheniscus er ei biologisk slekt av fire pingvinartar. Felles karakteristiske trekk inkluderer eit svart band som går rundt den kvite undersida langs kanten mot den mørke ryggsida, eit mørkt nebb, og eit kvitt band bak og rundt øyreområdet som kan teikne ein brillefigur. Det siste er framtredande hos kappingvin som tidlegarer blei kalla 'brillepingvin' på norsk.[1] Alle medlemmer av denne slekta legg egga sine i hòler.[2]
Spheniscus | |
Kappingvin, Spheniscus demersus i dyrehage, Bristol, England. Foto: Adrian Pingstone
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Aequornithes |
Orden: | Sphenisciformes |
Familie: | Pingvinar Spheniscidae |
Slekt: | Spheniscus Brisson, 1760 |
Tre av artane lever i temperert klima som Sør-Afrika og langs kysten av Peru, Chile, Falklandsøyane og sørlege kysten av Argentina, medan ein er endemisk for Galápagosøyane, og er den nordlegaste av alle pingvinartar.
Artsliste
endreSpheniscus-pingvinar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[4]
- Kappingvin, Spheniscus demersus
- Humboldtpingvin, Spheniscus humboldti
- Galapagospingvin, Spheniscus mendiculus
- Magellanpingvin, Spheniscus magellanicus
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «Banded penguin» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juli 2012
Referansar
endre- ↑ brillepingvin. () I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/brillepingvin 14. juli 2012
- ↑ Ellis, Richard (2004). No Turning Back: The Life and Death of Animal Species. New York: Harper Perennial. s. 69. ISBN 0-06-055804-0.
- ↑ Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (august 2011), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 7. januar 2012
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)