St. Louis to Liverpool
St. Louis to Liverpool Studioalbum av Chuck Berry | ||
Språk | engelsk | |
Innspelt | Desember 1957 – august 1964 i Chess Studios i Chicago | |
Sjanger | rock and roll | |
Lengd | 31:34 | |
Selskap | Chess | |
Produsent | Leonard Chess, Philip Chess | |
Chuck Berry-kronologi | ||
---|---|---|
Two Great Guitars (1964) |
St. Louis to Liverpool | Chuck Berry in London (1965)
|
St. Louis to Liverpool er det sjuande studioalbumet og det tiande totalt av rock and roll-artisten Chuck Berry, utgjeve i 1964 på Chess Records. Det nådde 124. plassen på Billboard-albumlista, og var det første av Berry sine studioalbum som gjekk inn på denne lista. Musikkritikaren Dave Marsh kalla det «ei av dei beste rock and roll-platene som nokon gong er laga».[2]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Innhald
endreDen 18. oktober 1963 slapp Berry ut av fengsel etter å ha sete inne i 20 månader for å ha transportert ein mindreårig over ei delstatsgrense for «umoralske føremål».[3] Medan han sat i fengsel hadde fleire unge rockgrupper funne inspirasjon i musikken hans. Beach Boys hadde basert den store hitsingelen sin «Surfin' U.S.A.» på hans «Sweet Little Sixteen»; Beatles hadde spelt inn «Roll Over Beethoven» på det andre amerikanske albumet deira; debutsingelen i Storbritannia av Rolling Stones var ein versjon av «Come On» og dei hadde inkludert «Carol» på det første amerikanske albumet deira, England's Newest Hitmakers.
Berry og Chess Records ønskte å utnytte denne populariteten hans under den britiske bølgja, og gav ut dette albumet for å appellere til unge kjøparar. St. Louis to Liverpool inneheld fire av fem singlar han gav ut i 1964, det siste året han fekk fleire singlar inn på Billboard Hot 100: «No Particular Place to Go», «You Never Can Tell,» «Promised Land» og «Little Marie,» ein oppfølgjar til «Memphis, Tennessee». Dei fire b-sidene til desse singlane kom òg ut på albumet i tillegg til «Our Little Rendezvous», ei B-side frå 1960, «Merry Christmas Baby» som var eit alternativt opptak av julesingelen hans frå 1958 som ikkje var gjeven ut før, ein instrumental frå 1950-åra og «Liverpool Drive», som var ein nyare instrumental.
I 2004 gav Chronicles-avdelinga til Universal Music Group ut albumet på ny på CD med tre bonusspor.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Chuck Berry, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Little Marie» | 2:37 |
2. | «Our Little Rendezvous» | 2:03 |
3. | «No Particular Place to Go» | 2:44 |
4. | «You Two» | 2:11 |
5. | «Promised Land» | 2:24 |
6. | «You Never Can Tell» | 2:43 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Go Bobby Soxer» | 2:59 |
2. | «Things I Used to Do» (Eddie Jones) | 2:42 |
3. | «Liverpool Drive» (instrumental) | 2:56 |
4. | «Night Beat» (instrumental) | 2:46 |
5. | «Merry Christmas Baby» (Lou Baxter, Johnny Moore) | 3:14 |
6. | «Brenda Lee» | 2:15 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
13. | «Fraulein» (Lawton Williams) | 2:51 |
14. | «O'Rangutang» (instrumental) | 3:02 |
15. | «The Little Girl from Central» (tidleg utgåve av «Brenda Lee») | 2:39 |
Medverkande
endre- Chuck Berry — vokal, gitarar
- Matt «Guitar» Murphy — elektrisk gitar på «Our Little Rendezvous»
- Johnnie Johnson — piano på «Our Little Rendezvous», «You Never Can Tell», «Things I Used to Do», «Merry Christmas Baby», «Fraulein», «O Rangutang», og «The Little Girl from Central»
- Lafayette Leake — piano på «Promised Land», «Night Beat» og «Brenda Lee»
- Paul Williams — piano på «No Particular Place to Go», «You Two» og «Liverpool Drive»
- Willie Dixon — bass på «Our Little Rendezvous», «Promised Land», «Night Beat», «Merry Christmas Baby» og «Brenda Lee»
- Odie Payne — trommer
- Fred Below — trommer på «Night Beat» og «Merry Christmas Baby»
- Ebby Hardy or Jaspar Thomas — trommer på «Our Little Rendezvous»
- Leroy C. Davis — tenorsaksofon på «Our Little Rendezvous», «You Never Can Tell», «Fraulein' og «O Rangutang»
- James Robinson — tenorsaksofon on på «You Never Can Tell», «Fraulein» og «O Rangutang»
- Teknisk personell
- Andy McKaie — produsent for nyutgjeving
- Vartan — kunstnarisk leiar
- Mike Fink — design
Salslister
endreAlbum
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1965 | Billboard Pop Albums | 124 |
Singel
Year | Single | Liste | Position |
---|---|---|---|
1964 | «Little Marie» | Billboard Black Singles | 54 |
1964 | «No Particular Place to Go» | Billboard Black Singles | 10 |
1964 | «You Never Can Tell» | Billboard Black Singles | 14 |
1965 | «Promised Land» | Billboard Black Singles | 41 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «St. Louis to Liverpool» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juli 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ St. Louis to Liverpool på Allmusic
- ↑ Marsh, Dave; Swenson, John (Editors). The Rolling Stone Record Guide, 1st edition, Random House/Rolling Stone Press, 1979, p. 33.
- ↑ Scoppa, Bud (2004). Liner notes for St. Louis to Liverpool. Universal Chronicles B0001687-02.
Bakgrunnsstoff
endre- St. Louis To Liverpool på Discogs (liste over utgjevingar)