Roll Over Beethoven

Roll Over Beethoven
Singel av Chuck Berry
B-side

«Drifting Heart»‎

Språk engelsk
Utgjeve Mai 1956
Sjanger rock
Lengd 2:04
Selskap Chess #1626
Komponist Chuck Berry
Tekstforfattar Chuck Berry
Låtskrivar(ar) Chuck Berry
Chuck Berry-kronologi 
«No Money Down»
(1955)
Roll Over Beethoven «Too Much Monkey Business»
(1956)


«Roll Over Beethoven» er ein song og singel av Chuck Berry frå 1956. Han vart opphavleg gjeven ut på Chess Records med «Drifting Heart» som b-side. Teksten nemner rock and roll og ønsket om at rhythm and blues skal erstatte klassisk musikk. Songen har vorte spelt av mange andre artistar og Rolling Stone plasserte songen på 97. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.

Berry si utgåve vart opphavleg gjeven ut på singel av Chess Records i mai 1956 med «Drifting Heart» som B-side.[1]

Inspirasjon og tekst endre

Roll over Beethoven
And tell Tsjaikovskij the news

Chuck Berry

Berry skreiv songen som svar på at systera Lucy alltid nytta pianoet til familien til å spele klassisk musikk, medan han ønskte å spele moderne populærmusikk.[2][3]

I tillegg til klassisk komponistar som Beethoven og Tsjaikovskij nemner eller hintar teksten om fleire populære artistar. «Early in the morning» er tittelen på ein Louis Jordan-song og «Blue Suede Shoes» viser til Carl Perkins sin song. «Hey Diddle Diddle» kjem frå eit barnerim. Sjølv om det vert nemnd rocking og rolling i teksten så er det rhythm and blues som den klassiske musikken må vike for.

Som «The Tennessee Waltz» er «Roll Over Beethoven», ein sjølvrefererande song, altså ein song om songen i seg sjølv.

Coverversjonar endre

Songen har vorte spelt av mange artistar gjennom tidene, dei mest kjende versjonane av Jerry Lee Lewis, The Beatles og Electric Light Orchestra. Andre artistar som har spelt songen er Mountain, Ten Years After, Raul Seixas, Leon Russell, Status Quo, The Rolling Stones, The Byrds, Jan & Dean, The 13th Floor Elevators, The Sonics, Wes Paul, Gene Vincent, Quartz, Johnny Winter, Uriah Heep, Kickhunter, Johnny Rivers, M. Ward, Iron Maiden og Margaret Lewis.

The Beatles endre

«Roll Over Beethoven» var ein av favorittsongane til John Lennon, Paul McCartney og George Harrison sjølv før dei hadde gjeve bandet sitt namnet «The Beatles», og dei heldt fram å spele songen på konsertar på dei amerikanske turneane i 1964. Versjonen deira vart spelt inn 30. juli 1963 og vart gjeven ut på With the Beatles med George Harrison på vokal og gitar.[4] Songen vart gjeven ut på singel og gjekk mellom anna opp til 2. plass på den norske VG-lista i 1964 og var på Topp 10 i til saman sju veker.[vg 1]

Electric Light Orchestra endre

Roll Over Beethoven
Singel av Electric Light Orchestra
frå albumet ELO 2
B-side

«Queen of the Hours»

Språk engelsk
Utgjeve 12. januar 1973 (UK)
27. januar 1973 (US)
Innspelt 1972 i Air Studios
Sjanger Rock and roll, kunstrock
Lengd 8:09 (US album)
7:03 (UK album)
4:32 (singel)
3:42 (US singel)
Selskap Harvest
Komponist Chuck Berry
Tekstforfattar Chuck Berry
Låtskrivar(ar) Chuck Berry/Ludwig van Beethoven
Produsent Jeff Lynne
Electric Light Orchestra-kronologi 
«10538 Overture»
(1972)
Roll Over Beethoven «Showdown»
(1973)


«Roll Over Beethoven» var òg den andre singelen til Electric Light Orchestra og var den andre hitten dei fekk inn på topp 10 på den britiske singellista. ELO si albumutgåve på ELO 2 av songen varte åtte minuttar og opnar med Skjebnesymfonien av Beethoven, mens delar av symfonien dukkar opp her og der utover i songen, fint blanda saman med rock'n'roll-songen til Chuck Berry. Songen brukte å avslutte konsertane deira og vart deira kjenningsmelodi.

Lister endre

Liste (1973) Plassering
Australian Kent Music Report Singles Chart[5] 53
Nederlandske GfK-lista[6] 19
Tyske Media Control-lista[7] 22
UK Singles Chart[8] 6
U.S. Billboard Hot 100[9] 42
U.S. Cash Box Top 100 Singlar 48
U.S. Record World Singlar[10] 31

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Dietmar Rudolph. «A Collector's Guide to the Music of Chuck Berry: The Chess Era (1955-1966)». Henta 20. september 2008. 
  2. «Rolling Stone om "Roll Over Beethoven"». Henta 20. september 2008. 
  3. «"AMG Review of Chuck Berry's "Roll Over Beethoven"». Henta 20. september 2008. 
  4. Mark Lewisohn (1988). The Beatles Recording Sessions. New York: Harmony Books. s. 34, 37. ISBN 0-517-57066-1. 
  5. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  6. Hung, Steffen. «Discografie Electric Light Orchestra». dutchcharts.nl. Henta 22 April 2013. 
  7. «charts.de - Electric Light Orchestra». charts.de. Henta 22 April 2013. 
  8. «Electric Light Orchestra». Offfical Charts Company. Henta 5. mars 2013. 
  9. «Electric Light Orchestra - Awards». AllMusic. Henta 12. februar 2015. 
  10. Hawtin, Steve. «Song artist 171 - Electric Light Orchestra». Tsort.info. Henta 2 May 2013. 

Andre kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre