Heilage Sunniva

(Omdirigert frå St. Sunniva)

Den heilage Sunniva eller Sankt Sunniva er ei kvinne som skal ha levd på 900-talet. Ho var vernehelgen for Bjørgvin bispedøme såvel som heile Vestlandet. I dag blir ho framleis rekna som vernehelgen for denne landsdelen, i tillegg til Bergen og nordisk ungdom. Minnedagen hennar er 8. juli.

Heilage Sunniva

FøddUkjent år, ifølgje soga på Irland
FødestadIrland
DaudUkjent år, ifølgje soga på Selja
DødsstadSelje
Helgendag8. juli
VernehelgenNordisk ungdom, Bergen, Vestlandet
SymbolUng kvinne med liljer og steinar
Helgen iKatolsk og ortodoks

Soga[1] fortel at Sunniva var ei irsk kongsdotter som flykta frå ein heidensk konge som ville gifta seg med henne. Ho kom med skip til øya Selja i Selje kommune, der ho og følgjet slo seg ned i ei hole. Folk som budde på staden meinte utlendingane stal sau av dei, og sende etter Håkon Jarl. Då Sunniva bad til Gud om at dei ikkje måtte falla i hendene på heidningane, fall tunge steinar ned og stengde igjen inngangen til hola. I ettertid skal mange under ha skjedd på øya, og då kong Olav Tryggvason fekk flytta steinblokkene i 996 fann dei kroppen til Sunniva, like heil som då ho levde. I 1103 blei det bygd eit benediktinarkloster på staden. Ruinane av dette kan ein framleis vitja på Selja.

I kunsten blir Sunniva gjerne framstilt som ei ung kvinne med liljer, og med helgenattributtet sitt, som er ei steinblokk, ettersom ho vart drepen av eit steinras.

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre

  1. Ei soge (legende) om Sunniva finst til dømes i Soga om Olav Tryggvason : etter Odd munk Snorreson, omsett til nynorsk av Magnus Rindal, Det norske Samlaget 1977 (Norrøne bokverk 46), ISBN 82-521-0720-6