Stannitt eller stannin er eit stålgrått, metallisk mineral med formel Cu2FeSnS4. Det krystalliserer tetragonalt og finst ofte i saman med kassiteritt (tinnstein). Det kan ha lokal tyding til ei viss grad som tinnerts. Det er påvist i mikroskopiske mengder frå fleire norske malmførekomstar, mellom anna Bjørkåsen og Bleikvassli. Eit eldre namn på mineralet er tinnkis.

Stannitt

Stannitt frå Fabulosagruva i provinsen Larecaja i departementet La Paz i Bolivia- 2 mm krystallar
Generelt
KategoriSulfidmineral
Kjemisk formelCu2FeSnS4
Strunz-klassifisering02.CB.15a
KrystallsymmetriTetragonal 4 2m
Einingscellea = 5.4432 Å, c = 10.7299 Å; Z=2
Identifikasjon
FargeStålgrå til jern-svart, kan falme blå
KrystallformSjeldan som pseudo-åttesidige krystallar òg massive, korna og impregnert
KrystallsystemTetragonal - skalenoeder H-M-symbol (42m) Romgruppe: 42m
TvillingPenetrerande tvillingar på {102}
KløyvUtydeleg på {110} og {001}
BrotUjamn
Mohs hardleiksskala4
GlansMetallisk
StrekfargeSvart
TransparensUgjennomsiktig
Spesifikk vekt4.3 - 4.5
Kjelder[1][2][3]

Mineralet vart først skildra i 1797 etter ein førekomst i Wheal Rock i St. Agnes i Cornwall i England.[3]

Kjelder

endre