Steik (av norrønt steik) er ein matrett av eit større stykke kjøt som typisk er steikt i omn eller over eld.[1][2]

Steiking av okse på spyd over eld. Engelsk vitseteikning frå 1700-talet med tittelen The Household, or who rules the roast!
Gåsesteik

I nokre høve kan ein bruka eit heilt dyr til steik. Elles bruker ein visse større stykkingsdelar, eller ruller tynne stykke saman til rullesteik.[3][4] Ein bind ofte opp eller dresserar kjøtstykket ein skal nytta til steik.

Ein kan laga steik i varm steikjeomn på nokså kort tid, men kan også nytta langtidssteiking på lågare temperatur.[5] Denne kan ta mange timar, men gjev svært mørt kjøt.[6][7]

Steik er ein tradisjonell søndagsmiddag fleire stader.[8][9] Ein kunne la steika vera i omnen før ein gjekk i kyrkja og ha retten klar etter kyrkjegangen. Steika kunne så vera utgangspunkt for matretter seinare i veka.[10] Steik kan også vera festmat, til dømes til middagsselskap, jul eller nyttår.[11][12][13]

Steik frå ulike dyr endre

Nokre typar steik frå ulike dyr er:

Fugl:

Husdyr:

Vilt:

Etterstavinga «-steik» kan også visa til eit kjøtmåltid som ikkje nødvendigvis er tilreidd som steik, til dømes «hønsesteik» når reven tek høner,[20] eller «ramnesteik» om milt frå slakta dyr som ein kasta til ramnane.[21]

Ulike stykkingsdelar og tillagingsmåtar endre

Visse stykke frå større dyr blir oftare brukt til steik, som indrefilet, ytrefilet, kotelettkam og mørbrad. Steik av dei ulike stykka kan ha særskilde namn, som kamsteik, nakkesteik, ribbesteik eller skinkesteik.[22]

Grytesteik er ei steik ein lagar til i gryte, til dømes ved å la steika trekkja over lang tid.[23]

Rullesteik er ei steik laga ved å rulla saman tynnare kjøt til ei større steik.[24]

Pinnekjøt eller nærskylde retter kan ha namn som julesteik, pinnesteik eller ribbesteik.[25]

Andre typar steik endre

Hakkasteik er ein norsk tradisjonrett laga av kokt kjøt og flesk blanda med kokte byggryn.

Nøttesteik er ein rett laga som eit vegansk eller vegetarisk alternativ til steik med kjøt.[26]

Kjelder endre

  1. «steik» i Nynorskordboka.
  2. «Steinkoking». Renmat.no. Henta 1. mars 2019. 
  3. Kogebog, Alletiders, «Gammeldags rullesteg med svesker fra Alletiders Kogebog blandt mere end 6.000 opskrifter med billeder.», Alletiders Kogebog, henta 1. mars 2019 
  4. «Danske Slagtehuse - Rullesteg», slagtehuse.dk, henta 1. mars 2019 
  5. «Langtidssteking av kjøtt», www.matprat.no (på norsk), henta 1. mars 2019 
  6. «Sauté, steiking i omn, steiking i panne, spyd og grill - Kokk- og servitørfag Vg2 - NDLA», ndla.no, henta 1. mars 2019 
  7. «Ølbraisert stek av høyrygg», Oppskrift.no (på norsk), henta 1. mars 2019 
  8. Ringvold, Amund; Høberg, Eva Narten (14. mai 2018). «norsk mat og matkultur». Store norske leksikon (på norsk). 
  9. «Perfect Irish Sunday roast recipe for Prime Ribs Day», IrishCentral.com (på engelsk), 27. april 2018, henta 1. mars 2019 
  10. Hill, Amelia; correspondent, social affairs (18. august 2007). «How Friday saved the Sunday roast». The Observer (på engelsk). ISSN 0029-7712. 
  11. Askomat (20. juli 2018), «Skal du ha selskap? Bestill maten frå ASKO Mat», ASKO Mat (på engelsk), henta 1. mars 2019 
  12. «Reinsdyrstek med viltsaus», www.matprat.no (på norsk), henta 1. mars 2019 
  13. «Helstekt and», www.matprat.no (på norsk), henta 1. mars 2019 
  14. helle (29. september 2012), «Mormor Dagmars kyllingstek», Helleskitchen (på norsk bokmål), henta 2. mars 2019 
  15. «Stockholm i tjue minus», Livet leker (på norsk bokmål), 22. februar 2010, henta 2. mars 2019 
  16. «Hare - Kokk- og servitørfag Vg2 - NDLA», ndla.no, henta 2. mars 2019 [daud lenkje]
  17. NRK (8. mars 2000), «Hjorteoppskrift: Dyresteik», NRK (på norsk bokmål), henta 2. mars 2019 
  18. «Reinsdyrstek», Oppskrift.no (på norsk), henta 2. mars 2019 
  19. Redaksjonen (24. oktober 2015), «DAGENS RETT: Elgstek med viltsaus», Aperitif.no (på norsk), henta 2. mars 2019 
  20. Jf. t.d. «Reven på hønsejakt» av Lillebjørn Nilsen
  21. «ramnesteik» i Nynorskordboka.
  22. «Stykkingsdelar». ndla.no. Henta 2. mars 2019. 
  23. NRK (21. mars 2005), «En god grytestek», NRK (på norsk bokmål), henta 2. mars 2019 
  24. Kogebog, Alletiders, «Gammeldags rullesteg med svesker fra Alletiders Kogebog blandt mere end 6.000 opskrifter med billeder.», Alletiders Kogebog, henta 2. mars 2019 
  25. Asbjørn Sæbø. Jarle Sanden, red. «Gammalt matstrev og matstell i Måndalen». Romsdalsmuseet Årbok 2006. s. 228. 
  26. «Nøttestekhjelpen», Vegetarbloggen (på engelsk), 21. desember 2012, henta 2. mars 2019