Stein Kåre Sletten (27. juli 194513. februar 2023) var ein norsk friidrettsutøvar frå Bergen, sist busett på Storebø i Austevoll. Han vart norsk meister i øvinga høgdehopp i 1964, 1965 og 1968. Sletten var medlem i Idrottslaget Gular.

Stein Sletten
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. juli 1945
Død

13. februar 2023 (77 år)

Idrett friidrett
Utmerkingar

Kongepokal

Aktiv endre

29. september 1963 hoppa 18 år gamle Sletten over 2,06 meter på Skansemyren i Bergen. Dermed sletta han den seks år gamle noregsrekorden til Bjørn Thorkildsen. Åtte månader seinare, den 28. mai 1964, forbetra Sletten rekorden til 2,07 m på Krohnsminde i Bergen. Nøyaktig tre veker etter flytta han rekorden til 2,08 m, også då på Krohnsminde.

Den 31. juli 1965 vann Sletten høgdekonkurransen då Sverige, Noreg og Finland møttest til juniorlandskamp i svenske Gimo. Han sette norsk rekord då han svinga seg over 2,09 m og slo den lovande svensken Bo Jonsson. Fire dagar seinare, i landskampen mot Sverige på Bislett stadion i Oslo, forbetra Sletten sin norske rekord i høgdehopp til 2,10 meter. Rekorden gjaldt til Leif Roar Falkum sletta den i 1972. Under noregsmeisterskapen i Haugesund siste helga i august 1965, vart Sletten tildelt kongepokalen då han sette meisterskapsrekord ved å gå over 2,07 meter.

Sidan nådde Sletten aldri opp mot sitt tidlegare bestenivå. Han lukkast likevel vinne sitt tredje NM-gull då han i 1968 sigra på Kongsvinger med eit hopp på 1,98 m. Aktiv til 1971.

Medaljar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre