Steinar Bråten (fødd 17. september 1962) frå Drangedal er ein tidlegare skihoppar. Han vann Holmenkollrennet i 1983, og deltok under Vinter-OL 1984. Han var medlem av Rennebu Idrettslag fram til 1985, sidan av Sportsklubben Freidig.

Steinar Bråten
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. september 1962 (61 år)
Drangedal
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1984

Karriere endre

Bråten debuterte i verdscupen under opningsrennet til den tysk-austerrikske hoppveka 1982/83 med ein femteplass. I det neste verdscuprennet, nyttårsrennet i Garmisch-Partenkirchen, kom han på andreplass. Totalt i hoppveka kom han på femteplass. I mars månad vann han sin fyrste og einaste verdscupsiger då han vann hopprennet i Holmenkollen. Under skiflygings-VM 1983 i Harachov fall han stygt. Samanlagd vart han nr 6 i verdscupen 1982/83.

I 1984-sesongen klarte han ikkje å hevde seg internasjonalt. Han fekk plass i OL-troppen til Sarajevo, etter å ha vunne bronsen under NM i normalbakken. Han deltok i OL i normalbakken, der han kom på 18. plass. Bråten fekk sidan få sjansar i internasjonale renn og gjorde seg lite gjeldande. Ein einsleg tredjeplass i eit renn i Japan i 1987 var det einaste der han utmerkte seg.

Bråten la opp som skihoppar i 1988, og har sidan tidvis vore knytt til det norske hoppmiljøet som trenar og forskar.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn endre

  • 1983: Siger i Holmenkollen. Nr 2 i Garmisch-Partenkirchen og nr 3 i Lake Placid
  • 1983/84: Nr 8 i Thunder Bay. # Nr 18 i normalbakken under OL i Sarajevo
  • 1985: Nr 8 i Cortina d'Ampezzo
  • 1987: Nr 3 i Sapporo
  • 1988: Nr 14 i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre