Stephanitt er eit sølvhaldig ertsmineral med formel Ag5SbS4.

Stephanitt

Enkelt stephanittkrystall på kalsitt (storleik: 0.7 mm)
Generelt
KategoriSvovelsaltmineral
Kjemisk formelAg5SbS4
Strunz-klassifisering02.GB.10
Dana-klassifisering03.02.04.01
Identifikasjon
FargeBlygrå til svart
KrystallformSøyleforma, pseudo-heksagonal krystallar; massive
KrystallsystemOrtorombisk - pyramidal (mm2)
TvillingVanleg på [110] repetert, dannar pseudoheksagonale grupper
Kløyvuperfekt på {010}, dårleg på {021}
BrotUndermuslig
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala2.0 - 2.5
GlansMetallisk
StrekfargeJernsvart
TransparensUgjennomsiktig
Spesifikk vekt6.26
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparAnisotrop i polerte delar
PleokroismeSærs svak - kvit til bleik rosa
Kjelder[1][2][3]

Under namnet schwarzerz vart det nemnt av Georgius Agricola i 1546, og har sidan vore kjend som «svart sølvmalm» (tysk Schwarzgultigerz), sprø sølvmalm (Sprödglanzerz), og anna. Namnet stephanitt vart føreslått av W Haidinger i 1845 etter erkehertug av Austerrike Stefan Frans Viktor av Habsburg-Lorena (1817-1867).

Det er påvist som eit sjeldan mineral frå sølvførekomstane på Kongsberg og mikroskopisk frå Espeland blyførekomst i Vegårshei.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre