Storflodugle

fugleart

Storflodugle (Scotopelia peli) er ei ugle som bur i Afrika sør for Sahara. Her bur ho i fuktige skogar og sumper, i nærleiken av elvar og innsjøar.

Storflodugle
Storflodugle
Storflodugle
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Ugler Strigiformes
Familie: Uglefamilien Strigidae
Slekt: Flodugler Scotopelia
Art: Storflodugle S. peli
Vitskapleg namn
Scotopelia peli

Skildring

endre

Storflodugle er ei av dei største uglene i verda, ho har vorte målt som den femte tyngste, og har det fjerde største vengjespennet som er målt på ei ugle, på 153 cm. Ho kan vere mellom 51 og 63 cm lang. Hannen veg rundt 1,7 kg, medan hoene veg rundt 2,09 kg.

På vaksne er fjørdrakta hovudsakleg raudbrun, med nokre mørke flekker. På magen er fjørene lysare, spesielt rundt nakken. Fjørene på hovudet er lengre, noko som gir ugla ein raggete utsjånad. Det er ikkje fjør på beina, men piggete skjel, som let henne fange fisk enklare.

Habitat og utbreiing

endre

Storflodugla bur i fuktige tropiske skogar og sumpar, nær elvar og innsjøar, hovudsakleg på den afrikanske vestkysten. Sjølv om det føretrekte habitatet hennar er elveskog finst ho også på øyar med store innsjøar og elvar, så lenge øyane ikkje er langt unna kysten. Storflodugla kan reisa ut av dei vanlege områda sine på jakt etter mat.

Levevis

endre

Storflodugla er aktiv på kveld og natt, der ho sit i tre og på greiner over vatn, der ho ser etter fisk. Ho kan fanga fisk på opp til 2 kg, men som oftast fangar ho fisk på 100-200 g. På dagtid kviler ho i tre lengre unna vatnet. Hoer og hannar kviler ofte i par.

Storflodugla hekkar under tørketid, når det er lågare og klarare vatn, som gjer at det er enklare å finna og fanga fisk. Storflodugler er territorielle, og gjer krav på område langs kyst og elv i starten av hekketida. Uglene lagar reir i hole tre, og legg som regel 1-2 egg.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre