Stour er ei elv i Kent i England. Ho har utspring ved landsbyen Lenham, midtvegs mellom Maidstone og Ashford, og renn i austleg retning, passerer den historiske byen Canterbury, og munnar ut i Den engelske kanalen like sørvest for Ramsgate. Elva er rundt 35 kilometer lang. Dei viktigaste sideelvane er Wantsum, Little Stour og East Stour.

Stour
elv
Stour ved Blackfriars i Canterbury
Land  England
Grevskap Kent
Lengd 35 km
Kjelde ved Lenham 51°14′01″N 00°43′27″E / 51.23361°N 0.72417°E / 51.23361; 0.72417
Munning Pegwell Bay i Doversundet 51°18′45″N 01°21′45″E / 51.31250°N 1.36250°E / 51.31250; 1.36250
Kart
Stour i Kent
51°18′48″N 1°21′52″E / 51.313217°N 1.364409°E / 51.313217; 1.364409
Kart over Stour og de største sideelvene
Kart over Stour og de største sideelvene
Kart over Stour og de største sideelvene
Wikimedia Commons: River Stour, Kent

Oppstraums frå samløpet med Little Stour kallast elva vanlegvis for Great Stour, og ovanfor samløpet med East Stour ved byen Ashford blir den nokre gongar kalla Upper Great Stour eller West Stour.

Elva er påverka av tidvatnet nedstraums frå Fordwich. Elvemunningen låg opphavleg ved Wantsumkanalen, eit sund som fram til mellomalderen skilde Isle of Thanet frå resten av Kent. Sundet var tidlegare ein viktig sjøveg, men har gjennom hundreåra vorte fylla opp av silt.

Elveløpet endre

Utspringet til elva, som her blir kalla Great Stour, ligg like austom landsbyen Lenham, ved vasskilet til elva Len, ei sideelv til Medway. Elva renn frå kjeldeområdet i søraustleg retning gjennom den landlege Low Weald-dalen, der ho òg tek oppi seg fleire mindre sideelvar. Ved byen Ashford møter ho sideelva East Stour, som kjem inn frå søraust frå kjeldeområda nord for Hythe, og dessutan dei mindre sideelvane Whitewater Dyke og Ruckinge Dyke.

 
Elvekanal i Canterbury

Etter Ashford snur Stour mot nordaust og bryt gjennom åsane i North Downs, som ligg mellom Ashford og Canterbury, ein avstand på rundt 25 kilometer. På denne strekninga, der elva renn gjennom landsbyane Wye, Chilham og Chartham, er det ingen større sideelvar.

Den historiske byen Canterbury ligg ved møtet mellom fire romarvegar, og der Watling Street hadde tilknyting til havet. Innanfor byen har elva to separate løp, eit gjennom bysentrum og det andre nord for bymurane. Dei to løpa renn saman austom Canterbury, før elva når fram til Fordwich, ei tidlegare uthavn for Canterbury og den noverande grensa for tidvatnet i Stour.

Etter Fordwich passerer elva mellom Westbere Lakast, ei rekkje av innsjøar danna av tidlegare grustak som no yrer av liv, og gjennom våtmarkene i Stodmarsh naturreservat. Deretter følgjer ope jordbruksland anlagt på dei tørrlagde sumpane rundt elva ved landsbyen Upstreet.[1]

Ved landsbyen Plucks Gutter møte Stour dei to siste sideelvane, Little Stour frå sør, med kjeldeområde nord for Folkestone, og Wantsum frå nord, som startar ved Reculver austom Herne Bay. I dette området ligg òg tvillinglandsbyene West og East Stourmouth, der Stour opphavleg munna ut i Wantsumkanalen, eit tidlegare sund som no er silta igjen og omdanna til eit vidstrekt jordbruksområde.

Herfrå snur elva sørover, og passarar den tidlegare så viktige og travle hamna Sandwich. Deretter snur elva nordover igjen i ein stor loop, og på eit punkt passerer ho under 200 meter frå det sørgåande løpet sitt. På denne staden vart det i 1776 grave ein kanal, kalla «Stonar Cut» etter den nærliggande landsbyen Stonar, hovudsakleg for flaumkontroll i området. Kanalen er i dag i stor grad gjengrodd. Til slutt bøyer elva av mot aust og munnar ut i Doversundet ved Pegwell Bay, sørvest for Ramsgate.

Frå tidevassgrensa i Fordwich til havet er elva omgjeve av lågtliggande sumpland. Mesteparten av dei ligg på det som var botnen av Wantsumkanalen, medan dei sørlegaste ligg bak sanddynene på Sandwich Flats. Dei fleste av desse sumpane er i dag gjennomskårne av dreneringsgrøfter på kryss og tvers, og er i all hovudsak omdanna til jordbruksland.

Kjelder endre

  1. «Stour Valley Walk». Kent County Council. Henta 6. juli 2011. 

Bakgrunnsstoff endre

 
Bru over Stour ved Fordwich
 
Båtar ved Stour i Sandwich
 
Stour nær munningen i Pegwell Bay