Studio Tan
Studioalbum av Frank Zappa
Utgjeve september 15, 1978
Innspelt 1969, 1974 1976 ved The Record Plant, LA; Royce Hall, UCLA og Caribou Studios i Nederland, Colorado
Sjanger Eksperimentell rock, jazzfusion, progressiv rock
Lengd 39:18
Selskap DiscReet
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi 
Zappa in New York
(1978)
Studio Tan Sleep Dirt
(1979)


Studio Tan er eit studioalbum av Frank Zappa, først gjeve ut i september 1978 på hans eige DiscReet Records. Det nådde 147. album på Billboard 200.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]

Bakgrunn endre

Tidleg i 1976 enda forholdet til Zappa med manager og forretningspartner Herb Cohen i ein rettstvist. Selskapet til Zappa og Cohen, DiscReet Records, vart distribuert av Warner Bros. Records. Då Zappa bad om å få kome overføre kontrakten sin frå DiscReet til Warner for å gjere spesielle prosjekt utan at Cohen var involvert, gjekk Warner først med på dette. Dette førte til utgjevinga av Zoot Allures i 1976 på Warner. Tidleg i 1977 leverte Zappa masterlydbanda til eit firedobbelt album kalla Läther.[2] Men Warner endra stillinga si etter søksmål frå Cohen, og nekta å gje ut albumet, og hevd at Zappa i følgje kontrakten var nøydd til å gje ut fire album til for Warner på slekspaet DiscReet.[3]

Etter Warner Bros. gav ut Zappa In New York, fortalte dei han at han framleis skulda dei fire album til. Han prøvde å få til ein distribusjonsavtale med Phonogram om å gje ut Läther på det nye selskapet Zappa Records. Dette førte til at Warner truga med søksmål, og hindra utgjevinga av Läther og tvang Zappa til å skrinlegge prosjektet. Sidan Zappa berre hadde levert lydbanda, vart tre individuelle album gjeve ut utan musikalske tilskrivingar.[4] Warner fekk òg Gary Panter til å laga omslag, som ikkje var godkjend av Zappa. Då albumet først kom ut på CD i 1991 valde Zappa å gje dei ut som individuelle album, med Panter sine omslag. Songane på Studio Tan vart gjeven ut i andre versjonar då Läther omsider kom ut i 1996.

Innhald endre

Dei fire spora var opphavleg meint for det skrinlagde albumet Läther.

Eit utdrag av ein uutgjeven alternativ versjon av «Revised Music for Guitar and Low-Budget Orchestra» finst på samlealbum The Guitar World According to Frank Zappa frå 1987, med nye trommespor av Chad Wackerman.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Frank Zappa.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Greggery Peccary» (Oppført som «The Adventures of Greggery Peccary» på CD-versjonen)20:40
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Let Me Take You to the Beach» (Oppført so «Lemme Take You to the Beach» på CD-versjonen)2:44
2.«Revised Music for Guitar & Low-Budget Orchestra»7:36
3.«REDUNZL» (Oppført som «RDNZL» på CD-versjonen)8:12

Medverkande endre

Salslister endre

Album - Billboard (Nord-Amerika)

År Liste Plassering
1978 Pop Album 147[5]

Kjelder endre