Styvi er ein veglaus gard på austsida av Nærøyfjorden i Aurland kommune i Vestland. Styvi har gardsnummer 58 i Aurland. Garden har truleg vore rydda før Svartedauden og husdyrhald har vore viktigaste drifta. Her ligg Styvi gardsmuseum som viser ymse gamle reiskapar og korleis ein gard vart driven i eldre tid. Styvi har berre éin fast innbyggjar, pensjonisten Botolv Hov. Det er han som har bygd opp og stelt i stand gardsmuséet. Det har vorte laga fjernsynsprogram om Botolv Hov og Styvi i den populære fjernsynsserien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

Styvi
stad
Styvi
Foto: Christopher Macsurak
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Aurland
Postnummer 5748 STYVI
Preposisjon Styvi
Kart
Styvi
60°56′28″N 6°56′10″E / 60.941111111111°N 6.9361111111111°E / 60.941111111111; 6.9361111111111
Wikimedia Commons: Styvi

Postvegen endre

Staden har ikkje vegsamband til omverda, men det går ein gangveg fem og ein halv kilometer innover fjorden til omtrent på høgd med Bakka. Vegen vart bygd i 1660 og vart brukt som del av postrutenettet mellom Bergen og Oslo og var nytta når det var is på fjorden innom Styvi. Posten kom frå Bergen via Voss, Stalheim og Gudvangen til Bakka etter vegen, frå Bakka vart han so ført over fjorden til der vegen startar ved Bleiklindi på hi sida. Til dette hadde dei ein eigen båt når det var utrygg is. Så gjekk dei med posten til Styvi der gardbrukarane hadde tittelen postbønder og hadde til oppgåve å ro posten til og frå Lærdaløyri. Styvi var del av postruta til dampbåtane kom og tok over i 1858.

Styvi har framleis eige postnummer, 5748 STYVI.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Styvi
  • Styvi i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Vidare lesnad