Subwoolfer

norsk popduo

Subwoolfer er ein norsk popduo, truleg skipa i 2021. Identiteten til dei to mannlege medlemmane er ukjend, men dei omtalar seg sjølve som «Keith» og «Jim». Duoen har platekontrakt med Universal Music Group og vann finalen i Melodi Grand Prix 2022, med sin sjølvskrivne låt «Give That Wolf a Banana» og var det norske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.[1]

Subwoolfer

Aktiv2021–
Sjangerpop, elektropop, elektronisk dansemusikk
PlateselskapUniversal Music Group

Bakgrunn endre

 
Subwoolfer på scena i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest 2022 i Torino.

Subwoolfer dukka fyrste gong opp i norsk offentlegheit 10. januar 2022, då NRK kunngjorde at Subwoolfer var ein av finalistane i Melodi Grand Prix 2022.[2] Dei to opptredde offentleg iført gule, stiliserte ulvemasker, gule hanskar og dress. Duoen vart konsekvent presentert som «Keith» og «Jim», og på pressekonferansar og liknande hadde dei med seg ein talsmann som oppgav at han var deira «tolk». Bandnamnet er ei kryssing av orda «subwoofer» og «wolf» – det engelske ordet for 'ulv', som også var tema for duoen.[3]

I samband med Melodi Grand Prix spela Subwoolfer på anonymiteten sin, og veik unna på å svare på spørsmål frå pressa om kven dei var.[4] I staden kom de med ei oppdikta historie om at Subwoolfer vart skipa for 4,5 milliardar år sidan, var busett på månen og hadde «erobra kvar einaste planet musikalsk».[5] Mystikken rundt duoen førte til spekulasjonar om kven som skjulte seg bak maskene. Gaute Ormåsen, Ben Adams og Ylvis-brørne var blant namna som vart trekte fram.[6][7][8]

Den 11. februar 2022 gav Subwoolfer ut ein eigen valentines-versjon av songen, kalla «Give That Wolf a Romantic Banana».[9]

Subwoolfer var direktekvalifisert til MGP-finalen laurdag 19. februar 2022 med sin eigen låt «Give That Wolf a Banana» ('Gje den ulven ein banan'). Dei skulle ha framført låten sin under den tredje delfinalen laurdag 29. januar, men måtte utsetje framsyninga til den fjerde delfinalen på grunn av koronasmitte.[10][11][12] I vekene etter delfinalen gjekk låten til topps på veddemålslistene og var blant favorittane til å vinne Melodi Grand Prix.[13] I byrjinga av februar var duoen den soleklåre vinnarfavoritten hos samtlege veddemålsbyrå, og på finaledagen var vinnarsjansen var anslegen til 55 prosent, mens andreplassen Elsie Bay hadde ein vinnarsjanse på 16 prosent.[14]

Laurdag 19. februar 2022 vann duoen Melodi Grand Prix, etter å ha slege NorthKid i gullfinalen. Dei fekk dimed representere Noreg i Eurovision Song Contest 2022 i Torino.[1] Der enda dei på ein tiandeplass i finalen.[15]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Subwoolfer er vinner av Melodi Grand Prix 2022: – Fantastisk». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 19. februar 2022. 
  2. Hyttebakk, Jon Marius (10. januar 2022). «Disse skal være med i Melodi Grand Prix 2022». NRK (på norsk bokmål). Henta 5. februar 2022. 
  3. «Grandma tastes the best: Do Subwoolfer's "Give That Wolf a Banana" lyrics encourage Covid vaccination?». wiwibloggs (på engelsk). Arkivert frå originalen 13. januar 2022. Henta 19. april 2022. 
  4. Stoveland, Kjetil (11. januar 2022). «Kryptisk om MGP-rykter». dagbladet.no (på norsk). Henta 5. februar 2022. 
  5. «MGP-aktuelle Subwoolfer ute med musikkvideo | Universal Music Norge». kommunikasjon.ntb.no (på norsk). Henta 5. februar 2022. 
  6. Svelstad, Oda Elise (24. januar 2022). «Ser du hvem det er?». NRK (på norsk bokmål). Henta 5. februar 2022. 
  7. «Norway: Are Ylvis behind Subwoolfer's Melodi Grand Prix 2022 entry?». wiwibloggs (på engelsk). 10. januar 2022. Henta 5. februar 2022. 
  8. «Gaute Ormåsen og Ben Adams’ biler parkert ved Subwoolfer-innspilling». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 9. mai 2022. 
  9. «Subwoolfer release 'Give That Wolf A Romantic Banana'». ESCXTRA.com (på engelsk). 11. februar 2022. Henta 20. februar 2022. 
  10. Thomas Talseth (25. januar 2022). «Subwoolfer utsetter Melodi Grand Prix-opptreden etter corona-smitte». www.vg.no (på norsk bokmål). VG Nett. Henta 5. februar 2022. 
  11. Strand, Marit Sofie (25. januar 2022). «Subwoolfer rammet av korona». NRK (på norsk bokmål). Henta 5. februar 2022. 
  12. Brennås, Maiken (25. januar 2022). «Utsetter Melodi Grand Prix-opptreden». TV 2 (på norsk). Henta 5. februar 2022. 
  13. Fagervold, Endre (20. januar 2022). «Ligger øverst på oddsen. Har Keith og Jim startet erobringen? -» (på norsk bokmål). ESC Norge. Henta 5. februar 2022. 
  14. «Odds Norway Melodi Grand Prix 2022». Eurovisionworld (på engelsk). Henta 5. februar 2022. 
  15. «Subwoolfer - Norway - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 16. mai 2022.