Pygmespissmus
Pygmespissmus (Suncus etruscus) er ein art i spissmusfamilien. Pygmespissmusa er rekna som verdas minste pattedyr etter masse. I snitt veg ho berre 1,8 g.[1]
Pygmespissmus | |
Pygmespissmus | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Pygmespissmus | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Eulipotyphla |
Familie: | Spissmus Soricidae |
Slekt: | Suncus |
Art: | Pygmespissmus S. etruscus |
Vitskapleg namn | |
Suncus etruscus |
Skildring
endrePygmespissmusa har raudleg gråbrun pelsfarge på oversida og er bleikgrå på undersida. Hovudet er relativt stort og har prominente utståande øyre, medan snuten er lang, fleksibel og har mange følsomme vêrhår. Om vinteren blir pelsen tettare, og om kroppstemperaturen går under 12 °C kan arten hibernera midlertidig.
Spissmusa måler normalt 30–52 mm utan hale, som i seg sjølv gjerne måler 24–32 mm. Vekta utgjer cirka 1,3–2,5 g (i snitt 1,8 g). Til samanlikning veg det minste pattedyret i Noreg, dvergspissmusa (Sorex minutus), omtrent det dobbelte (2–6 g, i snitt cirka 4 g).
Arten har svært høgt stoffskifte og må eta det dobbelte av si eiga vekt kvart døgn. Hjartet slår 25 slag i sekundet (1 511 slag i minuttet).[1] I praksis må pygmespissmusa fanga og ete 20–30 insekt eller liknande dagleg.
Som andre spissmus lever arten stort sett åleine, men i paringstida kan hoa og hannen leva saman gjennom drektigheitstida på cirka 27–28 dagar og medan ungane er avhengige (i cirka 3–4 veker). Storleiken på kullet er normalt 2–6 ungar. I fangenskap kan pygmespissmus leva i opp mot 2 år, men vilt sørger gjerne ugler for at dyra ikkje blir gamle nok til å døy ein naturleg død. Pygmespissmusa er elles utsett for predasjon frå kattar, øgler, slangar, fugler og ei rekkje andre dyr.
Leveområde
endreArten finst stort sett mellom 10° og 40°N på tvers av Eurasia. Dette omfattar det sørlege Europa (frå sør i Portugal, Spania og Frankrike) og nordlege Afrika, Vesleasia og Midtausten og videre austover gjennom delar av sørlege Asia, sør for Himalaya (inkludert Malaysia). Det finst også nokre koloniar av pygmespissmus i Nigeria.
Inndeling
endreInndelinga følgjer Menon (2014).[2]
- Soricidae, spissmusfamilien
- Crocidurinae, kvittannspissmus
- Suncus
- S. etruscus, pygmespissmus
- S. e. micronyx
- S. e. nitidofulva
- S. e. nudipes
- S. e. perrotteti
- S. e. pygmaeoides
- S. etruscus, pygmespissmus
- Suncus
- Crocidurinae, kvittannspissmus
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Jürgens, K. D. (2002). Etruscan shrew muscle: the consequences of being small. Journal of Experimental Biology, 205(15), 2161-2166.
- ↑ Menon, Vivek (2014) Indian Mammals: A Field Guide. Hachette UK, 20. jun. 2014 - 528 sider. ISBN 978-9350097618
- Denne artikkelen bygger på «Pygméspissmus» frå Wikipedia på bokmål, den 22. mai 2018.