Sunny
Sunny av Bobby Hebb frå albumet Sunny | ||
B-side |
«Bread» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1966 | |
Innspelt | Bell Sound Studios, New York City | |
Sjanger | Soul | |
Lengd | 2:44 | |
Selskap | Philips | |
Komponist | Bobby Hebb | |
Tekstforfattar | Bobby Hebb | |
Låtskrivar(ar) | Bobby Hebb | |
Produsent | Jerry Ross | |
Bobby Hebb-kronologi | ||
Sunny | «A Satisfied Mind» (1966)
|
Sunny Singel av Cher frå albumet Cher | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1966 | |
Sjanger | Pop, folk | |
Lengd | 3:12 | |
Selskap | Imperial Records | |
Komponist | Bobby Hebb | |
Tekstforfattar | Bobby Hebb | |
Låtskrivar(ar) | Bobby Hebb | |
Produsent | Sonny Bono | |
Cher-kronologi | ||
«I Feel Something in The Air» (1966) |
Sunny | «Behind the Door» (1966)
|
Sunny Singel av Public Enemies frå albumet Sunny/Whole Lotta Shakin' Goin' On | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 25. august 1966 | |
Sjanger | Rhythm and blues | |
Lengd | 3.30 | |
Selskap | Sonet Records | |
Komponist | Bobby Hebb | |
Tekstforfattar | Bobby Hebb | |
Låtskrivar(ar) | Bobby Hebb | |
---|---|---|
Public Enemies-kronologi | ||
«There's a whole lot of shaking going on» (1966) |
Sunny | «Shotgun» (1966)
|
Sunny Singel av Boney M. frå albumet Take The Heat Off Me | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 22. november 1976 | |
Sjanger | Pop, europop, eurodisco | |
Lengd | 4.01 | |
Selskap | Hansa Records (FRG) Atlantic Records (UK) Atco Records (U.S.) | |
Komponist | Bobby Hebb | |
Tekstforfattar | Bobby Hebb | |
Låtskrivar(ar) | Bobby Hebb | |
---|---|---|
Produsent | Frank Farian | |
Boney M.-kronologi | ||
«Daddy Cool» (1976) |
Sunny | «Ma Baker» (1977)
|
Sunny (Remix) Singel av Boney M. frå albumet 20th Century Hits | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 7. februar 2000 | |
Sjanger | Pop/Europop/Eurodisco | |
Selskap | BMG Records (FRG) | |
Komponist | Bobby Hebb | |
Tekstforfattar | Bobby Hebb | |
Låtskrivar(ar) | Bobby Hebb | |
---|---|---|
Produsent | Frank Farian | |
Boney M.-kronologi | ||
«Hooray! Hooray! (Caribbean Night Fever)» (1999) |
Sunny (Remix) | «Daddy Cool (Remix)» (2001)
|
Sunny (Mousse T. Remix) Digital nedlasting av Boney M. frå albumet The Magic of Boney M. | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | November 2006 | |
Sjanger | Pop/Europop/Eurodisco | |
Selskap | Philips Records | |
Komponist | Bobby Hebb | |
Tekstforfattar | Bobby Hebb | |
Produsent | Frank Farian | |
Boney M.-kronologi | ||
---|---|---|
«Daddy Cool (Remix)» (2001) |
Sunny (Mousse T. Remix) |
|
«Sunny» er ein song skriven av Bobby Hebb og er ein av dei mest innspelte popsongane gjennom tidene med fleire hundre utgjevne versjonar. BMI plasserte songen på 25. plass på lista deira over dei 100 beste songane frå 1900-talet.[1]
Bakgrunn
endreForeldra til Hebb, William og Ovalla Hebb, var begge blinde musikarar. Hebb og den eldre broren Harold spelte som ein song-og-dans-duo i Nashville, frå då Bobby var tre år gammal og Harold var ni. Hebb skreiv songen i løpet av 48 timar etter den 22. november 1963, dagen då den amerikanske presidenten John F. Kennedy vart myrda og den eldre broren til Hebb, Harold, vart knivstukken i hel utanfor ein nattklubb i Nashville. Dette gjekk hardt inn på Hebb og mange kritikarar hevdar dette inspirerte både teksten og melodien. I følgje Hebb skreiv han berre songen som eit uttrykk for eit ønske om ei «solrik» kjensle i staden for ei «elendig» kjensle etter mordet på broren.[2]
Teksten var ønsket til Hebb om at ein alltid bør «sjå positivt på livet» og han tok songen til tredjeplassen på R&B-lista og andreplassen på pop-lista i USA. Hebb har sagt om «Sunny»: «Alt eg prøvde med songen var å tenke på lukkelegare tider og lage ei hyllest til bror min - i hovudsakleg på utkikk etter ein lysare dag - fordi på denne tida var eg langt nede. Etter eg skreiv han tenkte eg at 'Sunny' var ein annan måte å gjere det på i forhold til det Johnny Bragg gjorde i 'Just Walkin' in the Rain.'»
Mieko Hirota versjonen
endre«Sunny» vart først spelt inn av Mieko «Miko» Hirota frå Japan på albumet Miko in New York saman med Billy Taylor trio (med Ben Tucker og Grady Tate) utgitt på Columbia Records. "Sunny" gjorde det godt på singellista i Japan.
Dave Pike versjonen
endreI Amerika vart han gjeven ut av marimbafonisten Dave Pike på Atlantic Records i 1966 på albumet Jazz for the Jet Set.
Bobby Hebb versjonen
endreMedverkande på denne innspelinga var Joe Shepley og Burt Collins på trompet, Micky Gravine på trombone, Artie Kaplan og Joe Grimaldi på saksofon, Artie Butler på piano, Joe Renzetti og Al Gorgoni på gitar, Joe Macho på bass, Al Rogers på trommer og George Devens på perkusjon. Songen vart opphavleg spelt inn medan studioinnspelinga var på overtid, så mange av musikarane måtte dra frå innspelinga til andre innspelingar dei hadde avtale med.
«Sunny» var opphavleg ein del av ein 18-songar lang demo spelt inn av produsenten Jerry Ross, som òg var kjend for Spanky and Our Gang, Keith sin «98.6» og Jay and the Techniques.
«Sunny» vart spelt inn i Bell Sound Studios i New York City og gjeven ut som ein singel i 1966. Han fekk stor suksess, og dette førte til at Hebb i 1966 fekk turnere med The Beatles.
Sunny '76
endreSunny '76 Singel av Bobby Hebb | ||
B-side |
Proud Soul Heritage | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1975 | |
Sjanger | Disco | |
Lengd | 3:31 | |
Selskap | Polydor | |
Komponist | Bobby Hebb | |
Tekstforfattar | Bobby Hebb | |
Låtskrivar(ar) | Bobby Hebb | |
Produsent | Marty Sheridan, Joe Renzetti |
«Sunny '76» er namnet på ein discoversjon av Bobby Hebb song «Sunny». Som versjonen frå 1966 er det Bobby Hebb som syng. Hovudskilnaden er at songen no var disco. Singelen vart gjeven ut seint i 1975 (sjølv om tittelen seier '76). B-sida til denne singelen var ein annan Hebb-song kalla «Proud Soul Heritage».
Boney M.versjonen
endreDen tyske eurodisco-gruppa Boney M. spelte inn ein discoversjon av «Sunny», produsert av Frank Farian og arrangert av Stefan Klinkhammer i eit eurodisco-arrangement. Han vart henta frå debutalbumet Take the Heat Off Me frå 1976, og kom ut etter gjennombrotssingelen «Daddy Cool» og vart ein ny stor hitsingel som som toppa den tyske singellista. Han vart remiksa i 1988 og 1999 (og vart ein liten hit tidleg i 2000) og sampla av Boogie Pimps for versjonen deira i 2004. Liz Mitchell song førstevokalen på originalversjonen til Boney M, men originalmedlemmen Maizie Williams spelte inn ein soloversjon i 2006. Boney M-versjonen vart den mest populære og gjekk inn på Topp 10 i mange land [4], mellom andre Storbritannia [5], Frankrike [6] og andre.
Songen vert nytta i filmen Boogie Nights (1997).
Singelen vart gjeven ut med songen «New York City», som B-sida, ein omarbeidd versjon av Farian-artisten Gilla sin hitsingel frå 1976, «Tu es!» / «Why Don't You Do It» med ein intro lånt frå albumsporet «Help Help».
I 2011 vart den koreanske filmen Sunny ein bestseljar i Sør-Korea og mange land. Songen vart framført av Boney M. i slutten av filmen.
Andre versjonar
endre- Mange artistar har spelt inn versjonar av songen. Både Georgie Fame og Cher sine versjonar gjekk inn på den britiske singellista i 1966. Andre artistar er mellom andre Andy Williams, Public Enemies, Richard Anthony, James Brown og Marva Whitney, Wes Montgomery, Robert Mitchum, Classics IV, the Electric Flag, Jose Feliciano, Stevie Wonder, Ella Fitzgerald, The Four Seasons, The Four Tops, Marvin Gaye, Earl Grant, Mary Wells, Paul Carrack, David Clayton-Thomas, Jamiroquai, Stanley Jordan, Marion Rung, Mina, Jimmy Smith, Johnny Mathis, Les McCann, Chris Montez, The Head Shop, Leonard Nimoy, Wilson Pickett, Los York's, Del Shannon, Nick Cave, Oscar Peterson med Joe Pass og Ray Brown, Dusty Springfield, Helge Schneider, War, Ajico, Gary Lewis and the Playboys, Twinset med Barnaby Weir, Terrorgruppe og The Walker Brothers.
- Den chilenske songaren Buddy Richard spelte songen på spansk i 1964 med tittelen «Cielo».
- Luis Miguel spelte inn songen på spansk i 1987 for albumet Soy Como Quiero Ser.
- Frank Sinatra spelte inn «Sunny» med Duke Ellington på albumet deira Francis A. & Edward K..
- Herb Alpert & the Tijuana Brass spelte ein instrumental versjon av «Sunny» på albumet The Brass Are Comin' som kom i 1969 (A & M SP 4228).
- Yambu spelte inn ein discoversjon av «Sunny» i 1975. Denne versjonen vart nytta i Stephen Chow-filmen CJ7.
- Cris Barber spelte ein versjon av songen på albumet hennar This Moment to Be Free i 2008.
- Christophe Willem spelte songen i 2006 (3. plass i Frankrike, 9. plass i Belgia (Vallonia), 17. plass i Sveits).[3]
- Mark Ronson spelte ein konsertversjon av songen med Candie Payne under Electric Proms.
- Saksofonist Stanley Turrentine spelte inn songen på albumet hans The Spoiler.
- Gitaristen Pat Martino spelte songen i 1972 på det første konsertalbumet hans.
- Arrangøren Pino Presti spelte songen i 1976 på albumet hans 1st Round (Atlantic Records T50274)
- Den meksikanske rockegruppa Los Yaki spelte songen og kalla han «Sonia», som seinare vart framført av ska-bandet Panteon Rococo
- Dei japanske jazzfusion-gitaristane Issei Noro frå Casiopea, Masahiro Andoh frå T-Square og Hirokuni Korekata frå KORENOS, spelte denne songen med supergruppa deira Ottottrio i 1998 på albumet Triptych.
- Bill Cosby song songen i 1968 for albumet Bill Cosby Sings Hooray for the Salvation Army Band!
- Det populære japanske bandet Ulfuls har ein japansk versjon kalla «Yonin».
- Ein instrumentalversjon av songen vart spelt inn av Booker T. and the M.G.'s og ein annan av Manfred Mann på EPen Instrumental Assassination frå 1966.
Lister
endre- Cher-versjonen
Liste (1966) | Plassering |
---|---|
Noreg[4] | 2 |
Nederland | 2 |
Sverige | 4 |
Storbritannia[5] | 32 |
Japan | 86 |
- Boney M.-versjonen
Liste | Plassering |
---|---|
Tyskland | 1 |
Storbritannia | 3 |
Austerrike | 1 |
Noreg | 4 |
Sveits | 2 |
Nederland | 1 |
Belgia | 1 |
Sverige | 11 |
New Zealand | 17 |
Sør-Korea | 1 |
Japan | 41 |
Irland | 4 |
Frankrike | 1 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sunny (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. september 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ [1] Arkivert 2014-07-13 ved Wayback Machine. Rerieved 04-22-13
- ↑ Nashville Scene article, "One So True" Arkivert 2014-04-07 ved Wayback Machine. Henta 29. september 2013
- ↑ «Sunny», by C.Willem, in French, Belgian (Wallonia) and Swiss Singles Charts Lescharts.com (Retrieved 29. april 2008)
- ↑ Noreg [2]. Henta 22. oktober 2010.
- ↑ «Sunny» in UK Singles Chart [3] . Retrieved 31. oktober 2010.