Susan Aglukark

kanadisk songar

Susan Aglukark, OC (inuktitutskrift ᓲᓴᓐ ᐊᒡᓘᒃᑲᖅ suusan agluukkaq), (fødd 27. januar 1967[1]) er ein kanadisk songar og låtskrivar som blandar inuittiske folkemusikktradisjonar med country og pop. Ho er ei stor stjerne i Canada, der singelen hennar «O Siem» nådde fyrsteplassen på topplista for «country and adult contemporary» i 1995. Til saman har ho gjeve ut sju studioalbum og vunne tre Juno-prisar.

Susan Aglukark

Fødd27. januar 1967 (57 år)
FødestadChurchill i Manitoba
OpphavCanada
Aktiv1992–
Sjangerfolkemusikk
Instrumentvokal
PlateselskapEMI
Verka somsongar, songar-låtskrivar
Prisaroffiser av Order of Canada, Juno Award for Indigenous Artist or Group of the Year, Juno Award for Breakthrough Artist of the Year, Governor General’s Performing Arts Award, Juno Award for Indigenous Artist or Group of the Year, Juno Humanitarian Award

Bakgrunn

endre

Aglukark blei fødd i Churchill i Manitoba og voks opp i Arviat i Nordvestterritoria (no i Nunavut).[2] Som barn opplevde ho seksuelt misbruk, og ho har uttalt seg aktivt om dette problemet blant urfolk i Nord-Ontario.[3] Etter å ha gått ut frå high school arbeidde ho i Ottawa i Ontario som lingvist ved Department of Indian & Northern Affairs. Deretter vende ho tilbake til Nortdvestterritoria for å arbeida ved den ideelle organisasjonen Inuit Tapirisat of Canada.[4]

Medan ho arbeidde for Inuit Tapirisat byrja Aglukark å opptre som songar, og blei raskt ein populær artist i inuittsamfunn. Canadian Broadcasting Corporation blei merksame på henne, og inkluderte henne i ei samling av arktiske utøvarar. I 1992 gav ho ut albumet Arctic Rose. Året etter skreiv ho kontrakt med eit større plateselskap, og gav ut eit julealbum same året.[4]

Aglukark har også vore talsperson for fleire ideelle grupper som arbeider med urfolksungdom, ikkje minst gjennom arbeidsverkstadar for ungdommar frå Attawapiskat First Nation[5] og engasjementet hennar i matkrisa i Nord-Canada.[6] Ho har likevel uttalt at sjølv om ho er stolt av å vera ein rollemodell for urfolk i Canada, ser ho mest av alt på seg sjølv som ein artist med ein universal beskjed om sjølvrespekt og styrke som ho håper menneske frå alle slags kulturelle bakgrunnar kan forstå.[7]

This Child

endre

This Child, som kom ut i 1995, blei gjennombrotsalbumet hennar. Den fyrste singelen frå albumet, «O Siem», nådde fyrsteplassen på adult contemporary- og country-listene i Canada det året. Med dette blei Aglukark den fyrste inuittiske artisten til å ha ein hitt i Topp 40. «Hina Na Ho (Celebration)» og «Breakin' Down» blei også hittsinglar. Albumet blei til slutt sertifisert til trippel platina (300 000 selde eksemplar) i Canada.

Unsung Heroes

endre

I 2000 gav Aglukark ut Unsung Heroes, som hadde ein annan pophitt med «One Turn Deserves Another». Albumet inkluderte også songen «Turn of the Century», som handla om skipinga av Nunavut. I 2004 gav ho ut Big Feeling.

Aglukark kan ta opp vanskelege tema i songane sine. «Kathy» handlar til dømes om niesa hennar som døydde av sjølvmord, og «Still Running» tek for seg traume frå seksuelt misbruk. Aglukark har også spelt inn ein versjon av «Amazing Grace» på inuktitut.

Songen hennar «Never Be the Same» var med i Dawson's Creek i episode nr. 3–14 (Valentine's Day Massacre), medan songen hennar «One Turn Deserves Another» var med i episode 3–15 (Crime And Punishment).

Det andre julealbumet til Aglukark, Dreaming of Home, blei gjeve ut 5. november 2013.

Ho er busett i Oakville i Ontario.[8]

Prisar og utmerkingar

endre

I 2004 blei Aglukark utnemnd til æresdoktor som DFA av University of Lethbridge. Ho blei utnemnd til offiser av Order of Canada i 2005,[9] og same året fekk ho æresgraden LL.D. frå University of Alberta. Sommaren 2006 spelte ho fleire kveldar på kveldsshowet ved Calgary Stampede.

  • 1995: Vinnar av Juno Awards for Best New Solo Artist and Best Music of Aboriginal Canada Recording, Arctic Rose[10]
  • 1996: Nominert til Juno Awards for Best Female Vocalist, Best Album (This Child), Single of the Year ("O Siem"), Best Music of Aboriginal Canada Recording (This Child), Best Video ("O Siem")[10]
  • 2001: Nominert til Juno Award for Best Music of Aboriginal Canada Recording, Unsung Heroes[10]
  • 2004: Vinnar av Juno Award for Aboriginal Recording, Big Feeling[10][11]
  • 2004: Utnemnd til Officer of the Order of Canada[12]
  • 2007: Nominert til Juno Award for Aboriginal Recording of the Year, Blood Red Earth[10]
  • 2008: Utnemnd til Distinguished Scholar in Residence at the University of Alberta[13]
  • 2016: Governor General's Performing Arts Awards[14] - Lifetime Artistic Achievement
  • Boka Aboriginal Carol (2007, Red Deer Press), av David Bouchard, illustrert av Moses Beaver, tospråkleg (engelsk og inuktitut), omsetjing og musikk av Susan Aglukark, blei tildelt ein White Raven-pris av International Youth Library

Utgjevingar

endre

Album

endre
Tittel Detaljar Topplassering Sertifiseringar

(sales threshold)
CAN Country CAN
Dreams for You
  • Utgjevingsdato: 1990
  • Plateselskap: Self-released
Arctic Rose
Christmas
  • Utgjevingsdato: 1993
  • Plateselskap: EMI Canada
This Child
  • Utgjevingsdato: 1995
  • Plateselskap: EMI Canada
1 25
  • CAN: 3× Platinum 
Unsung Heroes
  • Utgjevingsdato: November 9, 1999
  • Plateselskap: EMI Canada
Big Feeling
  • Utgjevingsdato: 2003
  • Plateselskap: EMI Canada
Blood Red Earth
  • Utgjevingsdato: 15 August 2006
  • Plateselskap: Arbor Records
White Sahara
  • Utgjevingsdato: 4 October 2011
  • Plateselskap: EMI
Dreaming of Home
  • Utgjevingsdato: 5 November 2013
  • Plateselskap: E1 Music
The Crossing
  • Utgjevingsdato: April 29,2022
  • Plateselskap: E1 Music
"—" denotes releases that did not chart

Singlar

endre
År Tittel Topplassering Album
CAN Country CAN AC CAN
1990 "Searching" Dreams for You
1993 "Little Toy Trains" Christmas
1994 "Song of the Land" 31 4 55 Arctic Rose
"Still Running" 17
1995 "O Siem" 1 1 3 This Child
"Hina Na Ho (Celebration)" 19 3 30
"Breakin' Down" 10 32
1996 "Shamaya" 38 71
"Suffer in Silence"
1999 "One Turn Deserves Another" 19 Unsung Heroes
2000 "Turn of the Century" 55
2004 "Whaler's Lullaby" Big Feeling
2006 "I Will Return" Blood Red Earth
"—" denotes releases that did not chart

Bøker

endre

Aglukark har skrive ein serie biletbøker med historisk innhald, gjeve ut av Inhabit Media Inc. Bøkene hentar frå barndommen til bestemor hennar, og tek for seg det unike perspektivet ved å leva i Arktis på ei tid då tradisjonelle inuittverdiar byrja å blanda seg med påverknad og gjenstandar utanfrå. Banda i serien tek for seg kjensler av forventing, spenning, tap og motstandskraft som inuittane opplevde då verda deira byrja å endra seg gjennom innføringa av dei ytre påverknadane, sett gjennom augo til ei lita jente som lever i leir med familien sin.

Kjelder

endre
  1. Famous Canadian Women Arkivert 20 September 2008 ved Wayback Machine. ISBN 978-0-9736246-0-1
  2. «Biography: Susan Aglukark – A Leading Voice in Canadian Music». First Nations Drum. Henta 5 October 2016. 
  3. Denette, Nathan. «Inuk artist Susan Aglukark says sex abuse is at the root of indigenous suicide crisis». 
  4. 4,0 4,1 «Susan Aglukark – A Leading Voice in Canadian Music». First Nations Drum. Arkivert frå originalen 10 January 2008. Henta 9 September 2008. 
  5. «Susan Aglukark to provide workshops for Attawapiskat youth». CBC News (på engelsk). 
  6. «Why Susan Aglukark is tackling Northern Canada's food crisis». CBC Radio (på engelsk). 
  7. Famous Female Musicians Gr. 4-8, Ruth Solski, On The Mark Press, 2009, ISBN 978-1-55495-024-9
  8. «Susan Aglukark Biography». shopEMI. Arkivert frå originalen 30 October 2007. Henta 9 September 2008. 
  9. "You oughta Juno: What happened to those artists voted most likely to succeed? Part 2 — 1986 – 1999". National Post, David Berry and Rebecca Tucker | 14 March 2015
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 «Juno Awards Artist Summary – Susan Aglukark». Juno Awards. Canadian Academy of Recording Arts and Sciences. Arkivert frå originalen 27 September 2007. Henta 9 September 2008. 
  11. "CARAS Scores A Hit With 2004 Juno Awards" Arkivert 2016-08-15 ved Wayback Machine.. Soul Shine. 2004-04-05
  12. Order of Canada citation
  13. «Aglukark to mentor aboriginal students at University of Alberta». CBC News (Canadian Broadcasting Corporation). 3 June 2008. Henta 5 November 2017. 
  14. Governor General's Performing Arts Awards