Svalbardposten
Svalbardposten er ei vekeavis som blei skipa i november 1948. Avisa kjem ut kvar fredag i Longyearbyen på Svalbard. Svalbardposten er den nordlegaste avisa i verda og har eit opplag som er høgare enn talet på husstandar på Svalbard.
Svalbardposten | |||
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Type | Vekeavis | ||
Org.nummer | 976308344 | ||
Format | A4 | ||
Grunnlagd | November 1948 | ||
Opplag | 2 636 | ||
Hovudkvarter | Longyearbyen | ||
Nettstad | svalbardposten.no |
Avisa i dag
endreAvisformatet er A4, noko som har sitt utspring frå då avisa blei trykt på Svalbard i eiga presse. Sidan 1996 er avisa trykt på fastlandet, men i same format som tidlegare. I dag trykkjer ein Svalbardposten i Tromsø. Avisa har fem tilsette, der tre jobbar i redaksjonen. Avisa har for det meste saker knytt til stadane Longyearbyen, Svea, Barentsburg og Ny-Ålesund. Svalbardposten har fått utmerkinga «Årets lokalavis» av Landslaget for Lokalaviser tre gonger, seinast i 2010.
Historie
endreSvalbardposten oppstod som ei veggavis, med normalt fire sider som blei slåtte opp på brakkene med Velferdsrådet på Svalbard som utgjevar. Ho er blitt omtala som «til tider artig», men med «ganske lite informasjon og seriøsitet» og svært lite lokalstoff. Avisa kom ut ein gong kvar veke mellom september og mai. Svalbardrådet vart skipa i 1971 og tok over som utgivar av avisa. Det førte med seg ei profesjonalisering av drifta. med meir og tyngre journalistikk, bilete og annonser. Utgivingsdagen var annakvar laurdag. Redaktørstillinga tilsetjast på åremål med inntil fire års tenestetid.
Sidan 1986 har Svalbardposten kome ut kvar fredag heile året. Etter økonomiske vanskar mot slutten av 1980-åra blei det gjort fleire omorganiseringar for å berge drifta. Justisdepartementet blei i røynda ansvarleg utgivar, ei rolle som blei endra i 1992 då Stiftelsen Svalbardposten blei skipa for å ha rolla som utgivar. Justisdepartementet skaut likevel inn grunnkapitalen til stiftinga. I 1996 blei drifta omorganisert nok ein gong, denne gongen til aksjeselskap ved opprettinga av Svalbardposten AS. Dette blei gjort for at avisa kunne få pressestønad. Svalbardposten AS har skrive ut ein aksje på 500 000 kroner, og aksjen tilhøyrer Stiftelsen Svalbardposten. I 1997 lanserte Svalbardposten eiga nettutgåve. I september 2012 la avisa om nettutgåva med betaling for nettnyhende.
Opplagstal
endreÅr | Eksemplar |
---|---|
1993 | 2 108 |
1994 | 2 248 |
1995 | 2 357 |
1996 | 2 425 |
1997 | 2 580 |
1998 | 2 556 |
1999 | 2 871 |
2000 | 2 932 |
2001 | 2 924 |
2002 | 3 109 |
2003 | 3 224 |
2004 | 3 271 |
2005 | 3 346 |
2006 | 3 352 |
2007 | 3 140 |
2008 | 3 095 |
2009 | 2 989 |
2010 | 2 841 |
2011 | 2 772 |
2012 | 2 679 [1] |
2013 | 2 561 |
2014 | 2 636 [2] |
Redaktørar
endre- Kjartan Olsen 1948–1949
- Thoralv Lund 1949–1950
- Alf Sørensen 1950–1951
- Arne Aulie 1951–1953
- Karl Nusser 1953–1954
- Øyvind Haddeland 1954–1955
- Hans Engebretsen 1955–1956
- C. E. Sollie 1956–1957
- Einar Nesje 1957–1958
- K. R. Nordbøe 1958–1959
- Odd Sverre Knutsen 1959–1960
- Alf E. Heggelund 1960–1961
- Hans Engebretsen 1961–1964
- Svein Jensen 1964–1966
- Odd Madsen 1966–1967
- Herleiv Alvheim 1967–1971
- Erik Gabrielsen 1971–1972
- Gudbrand Grøt 1972–1973
- Herleiv Alvheim 1973–1976
- Bjørn Hansen 1976–1977
- Otto Risanger 1977–1978
- Lilleba Knudsen (kst. 1978)
- Kristian Hus 1978–1979
- Kjetil Anthonsen 1979–1980
- Pål Skogmo 1980–1983
- Vibjørn Madsen 1983–1984
- Svein Haaland 1984–1986
- Mette Bleken 1986–1989
- Kjetil Anthonsen 1989–1991
- Tor Ole Ree 1991–1995
- Kjetil Anthonsen 1995–1997
- Nils Lorentsen 1997–1999
- Arne O. Holm 1999–2002
- Torbjørn Pedersen 2002–2004
- Birger Amundsen 2004–2013
- Eirik Palm 2013–2016
- Kristin Røsvik 2016–2020
- Børre Haugli 2021–2022
- Line Nagell Ylvisåker (2023–)
Kjelder
endre- ↑ Aviskatalogen, korrigerte tall fra Landslaget for lokalaviser (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 5. november 2014, henta 26. april 2013
- ↑ Opplagstal for 2014, Mediebedriftenes Landsforening