Svalbardvalmue

Svalbardvalmue
Svalbardvalmue
Svalbardvalmue
Status
Status i Noreg: EN Sterkt truga
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Ranunculales
Familie: Papaveraceae
Underfamilie: Papaveroideae
Slekt: Valmueslekta Papaver
Art: Svalbardvalmue P. dahlianum
Vitskapleg namn
Papaver dahlianum

Svalbardvalmue, varangervalmue eller polarvalmue[1] (Papaver dahlianum) er ein plante i valmuefamilien. Svalbardrådet har utropt han til fylkesblomster for Svalbard.

Det latinske artsnamnet dahlianum har planten fått etter den norske botanikaren Ove Dahl, som arbeidde i mange år i Finnmark.

UtsjånadEndra

 
Blomsteren er oftast kvit, men det er òg vanleg med gule blomstrar

Svalbardvalmuen er om lag 15 cm høg. Han har lodne blad som sit i ein rosett. Blomsterskaftet har mindre hår. Blomsteren er gul eller kvit, 2-4 cm i diameter, med fire kronblad. Frøkapselen er klubbeforma, breiast på toppen.

ØkologiEndra

Svalbardvalmue veks på sand og grus, gjerne på rasmark og ved elvekantar. Han toler dårleg konkurranse frå tett vegetasjon. Han er vanleg på heile Svalbard, elles veks han på Varangerhalvøya og nordaust på Grønland. Han er sterkt truga på fastlandet.[2]

KjelderEndra

  1. «Svalbardvalmue». Artsdatabanken. Henta 2. august 2018. 
  2. Karplanter: Vurdering av svalbardvalmue Papaver dahlianum for Norge. Solstad H, Elven R, Arnesen G, Eidesen PB, Gaarder G, Hegre H, Høitomt T, Mjelde M og Pedersen O (24.11.2021). Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Svalbardvalmue