Svarstad ein tettstad i Larvik kommune i Vestfold. Tettstaden ligg ved Numedalslågen, om lag 46 kilometer nord for kommunesenteret Larvik og 11 kilometer sør for Hvittingfoss i Kongsberg kommune. Svarstad har 654 innbyggjarar per 1. januar 2023 og var administrasjonssenteret i den tidlegare kommunen Lardal.

Svarstad
tettstad
Land  Noreg
Fylke Vestfold
Kommune Larvik
Areal 0,68 km²
Folketal 654  (2023)
Folketettleik 962 / km²
Postnummer 3275 SVARSTAD
Kart
Svarstad
59°24′00″N 9°58′00″E / 59.4°N 9.9666666666667°E / 59.4; 9.9666666666667
Wikimedia Commons: Svarstad

Den viktigaste næringsverksemda i Svarstad er trevareindustri, mellom anna sagbruk og ferdighusproduksjon. Tettstaden har ein daglegvarebutikk. Utanfor tettstaden ligg Svarstad skisenter, med fem større skibakkar og to mindre retta mot ungar. Sentralt i tettstaden ligg skogfeltet Holemyra som blir brukt til turområde. På Svarstad står Svarstad kyrkje, ei langkyrkje av grovt tømmer frå 1657.

Frå Bommestadkrysset ved europaveg 18 går fylkesveg 40 til og gjennom tettstaden, og vidare til Kongsberg og Geilo.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre