Svein Harberg
norsk politikar
Svein Harberg (fødd 30. juli 1958 i Bergen) er ein norsk politikar frå Høgre. Han var ordførar i Grimstad kommune i perioden 2003 til 2007, gjennom eit valteknisk samarbeid mellom Høgre, Senterpartiet og Framstegspartiet. Han ønskte ikkje attval i 2007, men sa seg villig til å vere med i fylkespolitikken.
Svein Harberg | |
![]() | |
Fødd | 30. juli 1958 (65 år) Bergen |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Høgre |
Yrke | politikar |
Verv | Ordførar i Grimstad 2003-2007 |
Føregangar | Per Svenningsen |
Etterfylgjar | Hans Antonsen |
Alle verv |
|
Harberg vart vald inn på Stortinget frå Aust-Agder fylke i 2009, og var medlem i Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité. I Stortingsvalet 2017 var han Høgre sin førstekandidat i Aust-Agder.[1]
Før han vart ordførar, dreiv Harberg eit konsulentfirma.
Stortingskomitear Endra
- 2009–2013 - medlem i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
Referansar Endra
- ↑ valg.no Vallister og kandidatar 2017