Sverre Heim
Sverre Heim (fødd 4. oktober 1951 i Balsfjord) er ein norsk lege og kreftforskar, vinnar av Kong Olav Vs Kreftforskingspris for 2011. Han er også ein sterk sjakkspelar, Noregsmeister i sjakk i 1980.
Sverre Heim | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. oktober 1951 (73 år) Balsfjord kommune |
Yrke | lege, professor, sjakkspelar, onkolog |
Medisinsk forskarkarriere
endreSverre Heim er utdanna lege. Han var stipendiat i Kreftforeningen. Frå 1983 var han i Lund i Sverige for å spesialisere seg i medisinsk genetikk, deretter professor i Odense. I 1994 kom han tilbake til Noreg, og er no overlege ved Radiumhospitalet og leiar for Seksjon for kreftcytogenetikk ved Oslo Universitetssykehus. Han fekk Kong Olav Vs Kreftforskningspris for 2011 med mellom anna følgjande grunngjeving: «Sverre Heim ble tildelt prisen på bakgrunn av sin snart 30 år lange forskning på kromosommønstre i kreftceller. Ved å studere avvik i kromosomer får man ny kunnskap om hvordan ulike kreftformer oppstår. Det gir grunnlag som gjør at medisiner som virker direkte inn i mekanismene for hvordan sykdommene oppstår kan utvikles[1].»
Sjakkarriere
endreSverre Heim lærte sjakk av morfaren i Balsfjord. Han vart med i Tromsø sjakklubb som 13-åring, og hadde deretter rask framgang: Nokre år etterpå ein andreplass i juniorklassa i sjakk-NM, og deretter som 18-åring vinnar av den nordnorske meisterskapen i 1969. I 1973 vann han nest øvste klasse i sjakk-NM, og rykte opp i eliteklassa, der det vart ein fjerdeplass allereie i første forsøk i 1974. I 1980 vann han ein suveren siger i sjakk-NM i Oslo, med 7,5 poeng av 9 moglege, 2 poeng framom nummer 2. Han har delteke 4 gonger på det norske landslaget i sjakk-OL (lag-VM i sjakk), med gode resultat i 1980, 1982 og 1984: 6,5 poeng av 12 moglege, 7 av 12 og 7 av 11. Han har i seinare år i stor grad prioritert anna enn sjakkspeling, men når han har delteke, har resulta ofte vore svært gode, til dømes ein fjerdeplass i sjakk-NM 1996. Han er internasjonal FIDE-meister i sjakk.
Kjelder
endre- Omtale av Sverre Heim hos Kreftforeningen, vitja 7. oktober 2011 Arkivert 2011-08-19 ved Wayback Machine.
- Norsk Sjakkblad nr. 4 - 2011, side 4-5
- Øystein Brekke: Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Norges Sjakkforbund 1989, ISBN 82-991916-0-2
Bakgrunnsstoff
endreFotnotar
endre- ↑ Omtale av pristildelinga hos Kreftforeningen, vitja 7. oktober 2011, arkivert frå originalen 26. mars 2012, henta 7. oktober 2011